Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk konseptet «Grønn frisør»

Konseptet «Grønn frisør» (Grøne saloner) oppstod i Danmark i 2006. I dag finst det omtrent 60 grøne salongar i Norden. Undersøk kva konseptet går ut på.
Mange flasker med sjampo. Foto.

Oppgåve 1. Kva er «Grønn frisør»?

  1. Kva krav blir stilte til ein grøn frisør?
  2. Kva er årsaka til at nokre frisørsalongar marknadsfører seg som grøne?
  3. Finst det argument mot at nokre frisørar marknadsfører seg som grøne frisørar? Diskuter.

Oppgåve 2. Kartlegg produkta de har på skulen

Bruk positivlista, observasjonslista og negativlista som du finn på nettsida Stoffer og produkter i Grøn Salon.

Lag ei oversikt over produkta de bruker på skulen. Kva produkt står på

  • positivlista
  • observasjonslista
  • negativlista
Kjelder

Fagforbundet (2016). Grønn frisør – en sunn og trygg arbeidsplass. Henta 5. mars 2020 frå https://ep-static.fagforbundet.no/file/0848db8dd766843e063f208ad77afff7/frisor-gronn-hefte-17.PDF

Nordheim, Nancy M. (2013). Bærekraftig utvikling i frisørfaget (Mastergradsavhandling, Høgskolen i Oslo og Akershus). Henta frå https://oda.hioa.no/nb/baerekraftig-utvikling-i-frisorfaget/asset/dspace:5669/norheim_mayp_2013.PDF

Sørnett.no (2019, 1. juni). UNDERSØKENDE JOURNALISTIKK: Frisører i Kristiansand blir eksponert daglig for helseskadelige kjemikalier. Henta 5. mars 2020 frå https://sornett.no/arkiv/193176

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig utvikling