Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig forbrukaråtferd

Kva er det som gjer oss til forbrukarar? Korleis oppfører vi oss som forbrukarar? Kva påverkar oss når vi vel produkt?

Samfunnsansvar og forbrukarpåverknad ved Vippa

I filmen høyrer du Kaja Skovborg-Hansen, dagleg leiar av mathallen Vippa i Oslo, fortelje om forbrukarmarknaden og korleis Vippa prøver å påverke forbrukarane til å gjere berekraftige val.

På Vippa stiller dei krav til både leverandørane, leigetakarane og til ei viss grad òg forbrukarane. Gjestene må mellom anna rydde etter seg og sortere avfallet sjølve. Vippa bruker porselen og bestikk, ikkje noko i plast. På baksida av bygget har dei eit komposteringsanlegg for restemat, slik at gjestene både kan sjå og lære om Vippa-visjonen "frå jord til bord til jord igjen".

Vi har alle eit samfunnsansvar

Både forbrukarar og bedrifter har eit samfunnsansvar. Å ta samfunnsansvar for ei bedrift inneber mellom anna å respektere menneskerettane, unngå skadeleg miljøpåverknad, sikre gode arbeidsforhold, motverke korrupsjon og bidra positivt til omgivnadene både lokalt og globalt.

Vi forbrukarar kan velje å kjøpe og bruke produkt frå bedrifter som tek samfunnsansvaret sitt på alvor, og som set berekraftige løysingar først. Berekraft og berekraftig utvikling er ord som blir mykje brukt i dag, men omgrepa er ikkje nye.

Berekraftig utvikling

Allereie i 1987 blei omgrepet berekraftig utvikling lansert – i rapporten "Vår felles framtid", som blei gitt ut av Verdskommisjonen for miljø og utvikling. Kommisjonen var nedsett av FN og leidd av vår eiga Gro Harlem Brundtland. I rapporten blei omgrepet definert som "utvikling som møter behova i dag utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt behova sine".

Berekraftsmåla til FN

I 2015 kom FNs berekraftsmål, som er den felles arbeidsplanen verda har for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030 (FN-sambandet 2015).

Kan forbrukarane påverke bedriftene – og motsett?

Forbrukarmarknaden kan påverke bedriftene til å følgje opp samfunnsansvaret sitt. Det finn vi eit døme på hos møbelprodusenten IKEA. IKEA har opplevd ein aukande etterspørsel etter heimlevering. Samtidig veit dei at kundane er opptekne av miljø og berekraft. Derfor har IKEA forplikta seg til berre å bruke elektriske eller andre nullutsleppskøyretøy til heimleveransar, leigebilar og interne transportar. Og transportselskapet Bring, som leverer varer for IKEA, bruker no berre elektriske vare- og lastebilar når dei køyrer for IKEA.

Kanskje vi forbrukarar kan bli endå flinkare til å "tvinge" bedrifter til å drive meir berekraftig, og til å tenkje meir på vårt eige samfunnsansvar? Om vi sluttar å handle med bedrifter som ikkje tek samfunnsansvaret sitt på alvor, kan det ha store følgjer for bedriftene. Eller kva om bedrifter set opp prisane på produkt som ikkje blir rekna for å vere berekraftige, til dømes flyreiser og kjøt? Korleis kan det påverke forbrukaråtferda?


Kva tenkjer du?

Bør vi forbrukarar kunne forvente at produkt blir produserte på ein måte som respekterer menneskerettar, miljø og helse?


Forbrukarar oppfører seg ikkje likt. Forbrukaråtferda varierer frå individ til individ og frå samfunn til samfunn. Ho endrar seg òg med utviklinga i samfunn og teknologi. Korleis vi oppfører oss som forbrukarar, blir òg påverka av verdiane og haldningane våre og av familie, venner og kjende.

Berekraftig marknadsføring

I våre dagar skal tusenvis av produkt erstattast av nye og meir berekraftige løysingar. Trendar viser at forbrukarar er opptekne av dette og ønskjer å gjere gode ting for verda. I ein jungel av nye og berekraftige produkt treng vi gode marknadsførarar som viser oss vegen.

For å kunne målrette marknadsføringa treng marknadsførarane kunnskap om forbrukaråtferd. Dette krev at dei lyttar til forbrukarane og behova deira.

Kjelde

FN-sambandet. (2020, 28. januar). FNs berekraftsmål. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Berekraftig utvikling