Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produktforslag og berekraftsmål

I denne oppgåva skal du nytte FNs berekraftsmål som utgangspunkt for eit produktforslag. Berekraftsmåla er planen verda har for å utrydde fattigdom og svolt, sørgje for utdanning og arbeid for alle, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane.
Plansje som viser dei 17 berekraftsmåla til FN. Illustrasjon.

I arbeidet med denne oppgåva skal du bruke FN-sambandets side om berekraftsmåla som hovudkjelda di, men bruk gjerne fleire kjelder.

FNs berekraftsmål (fn.no).

Oppgåve

Fordel berekraftsmåla mellom dykk i klassa, slik at alle måla blir jobba med. Det er 16 berekraftsmål, i tillegg til eit 17. som handlar om korleis ein skal jobbe saman for å nå dei andre måla.

Du skal gå i djupna på det berekraftsmålet du ha fått tildelt.

  • Finn ut kva målet inneber, og kva delmål som høyrer til hovudmålet.
  • Finn ut korleis samfunnet kan jobbe for å nå målet.
  • Til slutt skal du utvikle eit forslag til eit produkt som kan bidra til at vi når berekraftsmålet ditt. Det kan vere ein idé til eit nytt produkt eller ei forbetring av eit eksisterande produkt.

Speed-date

Gå rundt i klasserommet (eller utandørs om vêret er fint) og stopp opp ved minst fire andre personar. Fortel så mykje du kan om berekraftsmålet og produktforslaget ditt. Lytt til dei du møter når dei fortel om målet og produktforslaget sitt.

Diskuter

Diskuter berekraftsmåla og dei ulike produktforslaga i klasserommet.

  • Korleis hengjar berekraftsmåla saman?

  • Kan det vere aktuelt å gå vidare med eitt eller fleire av produktforslaga? Kanskje er det ein idé for ei ungdomsbedrift?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2021

Læringsressursar

Berekraftig utvikling