Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sweatshop – dødeleg mote

Serien Sweatshop handlar om skandinaviske ungdommar som jobbar i ein tekstilfabrikk i Kambodsja, for å få eit innblikk i arbeidsforholda der. Denne episoden er frå sesong 2 der ungdommane kjem attende for å sjå om forholda ved fabrikkane har endra seg.

Etter å ha sett filmklippet

  1. FN sitt mål for berekraft nr. 12 handlar om "Ansvarleg forbruk og produksjon".

    1. Finn ut kva som ligg i dette.
    2. Er dette eit mål som er aktuelt i Noreg også? Diskuter.

    Oversikt over FN sine mål for berekraft på nettsidene til FN

  2. Gi døme frå filmen på produksjon som ikkje oppfyller mål for berekraft nr. 12.
  3. Kva gjer dei skandinaviske ungdommane for å få merksemd rundt dårlege arbeidsforhold i tekstilfabrikkar?
  4. Korleis kan du bruke forbrukarmakta di for å bidra til levelønn for tekstilarbeidarar i land som for eksempel Kambodsja?
  5. Diskuter påstanden: "Det er fattige tekstilarbeidarar i andre land som betaler prisen for at vi i Noreg kan kjøpe billige klede."
  6. Kunne du tenkje deg å betale meir for eit klesplagg viss du visste at det var produsert "rettferdig"? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  7. Berekraftig utvikling handlar om miljø, sosiale forhold og økonomi. Finn forhold ved tekstilindustrien som handlar om berekraftig utvikling.
  8. Grafane under viser konsumprisindeks for klede i perioden 1979 til 2022 og verdien av varer Noreg importerte frå Kina i perioden 1988–2022.

    1. Beskriv korleis prisane på klede har endra seg i denne perioden.
    2. Samanlikn prisutviklinga på klede med handelen med Kina. Kommenter.
Graf som viser konsumprisindeksen for klede og import frå Kina til Noreg. Importen frå Kina er svært liten på 1990-talet, men aukar eksponentielt fram til 2022. Konsumprisindeksen på klede er på 100 i 1980, aukar til 210 på 1990-talet, for så å søkke jamnt ned mot 100 fram til 2010. Frå 2010 fram til 2022 har indeksen vore ganske stabil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2023

Læringsressursar

Berekraftig utvikling