Hopp til innhald

Fagstoff

Overgangen til ein sirkulær økonomi

I ein sirkulær økonomi prøver vi å bruke færre naturressursar og bruke dei meir effektivt. Kva skal til for å skape ein overgang til ein sirkulær økonomi? Og kva inneber det?

Å forbetre kvart ledd i sirkelen

Målet med ein sirkulær økonomi er å forbruke på ein måte som gjer at vi kan hente ut færre ressursar frå naturen, mest mogleg effektivt. Noko av det viktigaste som må til for å få til dette, er å få ned mengda avfall, slik at vi slepp å hente ut nye råstoff frå naturen i så stor grad som vi gjer i dag. Men det er viktig å ikkje berre tenke på resirkulering og avfallsreduksjon. For å få til ein skikkeleg sirkulær økonomi må vi tenke på heile sirkelen og kva forbetringar vi kan gjere i kvart ledd. Under ser du døme på korleis dei ulike ledda kan forbetrast, og dermed bidra til å gjere økonomien meir sirkulær og berekraftig. Nokre produkt og tenester er gode i enkelte av desse ledda, men har kanskje forbetringspotensial i andre ledd.

Livsløpsvurderingar

Eit viktig verktøy innan sirkulær økonomi, som blir brukt stadig meir, er livsløpsvurderingar eller livsløpsanalysar. Det går ut på at vi systematisk går gjennom heile livsløpet til eit produkt, frå vogge til grav, og undersøker korleis vi kan gjere kvart ledd meir berekraftig. Viss vi til dømes unngår å pakke inn mat i plast, reduserer vi plastbruken noko. Men viss ei livsløpsvurdering viser oss at vi samtidig aukar matsvinnet fordi maten raskare blir dårleg, konkluderer vi kanskje med at det ikkje er eit lurt tiltak. Slik kan livsløpsvurdering vere eit nyttig verktøy når vi skal finne ut korleis vi kan lage eit produkt mest mogleg berekraftig og sirkulært. I animasjonsfilmen under får du ei god og utdjupande forklaring på kva livsløpsvurderingar er.

Sirkulære forretningsmodellar

Ein annan måte å gå over til sirkulær økonomi på er å endre heile systemet. Vi kan til dømes gå bort frå å selje klede, og heller leige ut klede. Kanskje du kan leige ein kjole når du skal pynte deg litt ekstra, i staden for å kjøpe ein? Og kanskje treng ikkje alle å eige alt friluftsutstyret sitt sjølv? Viss du vil lære meir om korleis forretningsmodellar kan hjelpe i overgangen til ein sirkulær økonomi, kan du lese artikkelen om berekraftige forretningsmodellar.

Design – kanskje den viktigaste fasen i sirkelen?

Forretningsmodellen speler ei viktig rolle, men vi kan også gjere mykje med produkta vi produserer. Designfasen er veldig viktig i den samanhengen. EU meiner at så mykje som 80 prosent av den totale miljøbelastninga til eit produkt blir bestemt i nettopp designfasen. Korleis kan vi designe produkt som er sirkulære?

Mange utstilte joggesko på en raud vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I designfasen tek vi val som handlar om korleis vi set saman eit produkt, kva råstoff vi bruker og korleis vi planlegg at produktet skal bli brukt av forbrukarane. Det er også fleire andre val som blir tekne i denne fasen. Her følger nokre av dei vala som avgjer om eit produkt blir sirkulært og berekraftig:

  • Kva råstoff blir brukte?
    Viss vi kan bruke resirkulerte råstoff, slepp vi å hente ut nye råstoff frå naturen. Dette er positivt, så lenge det ikkje går utover kvaliteten i for stor grad.

  • Kor lang levetid er produktet meint å ha?
    I utgangspunktet er det betre med produkt som er meinte å ha lang levetid, i alle fall viss det også er sannsynleg at produktet vil bli brukt lenge.

  • Vil det vere lett å byte ut og reparere enkeltdelar?
    Det er sjeldan heile produktet blir slite og øydelagt samtidig. Derfor har det mykje å seie om det er lett å byte ut og reparere enkeltdelane i eit produkt.

  • Er ting standardisert, slik at det blir enklare å få tak i ulike delar?
    Hadde alle mobiltelefonar og pc-ar brukt same type ladar, kunne vi hatt ganske mange færre ladarar i verda. Derfor er standardisering veldig nyttig, også i eit berekraftsperspektiv.

  • Kva krevst av vedlikehald, og er produktet lett å halde ved like?
    Nokre produkt treng mykje vedlikehald, og då krev det mykje innsats av forbrukaren for at produktet skal vere sirkulært. I designfasen kan vi gjere mange val som vil gjere vedlikehaldet enklare.

  • Kva skal produktet bli brukt til, og dekker det fleire funksjonar?
    Produkt som kan dekke mange ulike funksjonar, vil også vere positivt med tanke på ein sirkulær økonomi. Viss du kan ha ein kjøkkenmaskin med fem funksjonar, vil det vere betre enn å måtte ha fem ulike kjøkkenmaskinar.

Tenk over

Sjå på biletet av Tripp Trapp-stolen under, og vurder stolen opp mot spørsmåla over. Vil du seie at Tripp Trapp-stolen er designa på ein måte som passar inn i ein sirkulær økonomi? Kvifor, eller kvifor ikkje?

Eit kvitt spisebord i kvite kjøkkenomgivnader med tre farga Tripp Trapp-stolar rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Libell, H. P. (2021, 31. januar). Kappløp vs. kretsløp. Aftenposten Innsikt. 2021(2), s. 18–27.

Miljødirektoratet. (2021, 1. juni). Sirkulær økonomi. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/sirkular-okonomi/

NORSUS (u.å.). Om livsløpsvurdering – LCA (Life Cycle Assessment). https://norsus.no/om-livslopsvurdering/

Redaksjonen i The Economist. (2022, 30. januar). Den enes søppel er den andres gull. Aftenposten Innsikt. 2022(3), s. 34–41.

Shahinian, N. (2022, 14. februar). Design ditt eget liv [Audiopodkast-episode]. I Burde vært pensum. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/burde_vaert_pensum/l_656ff722-2a20-4b5c-aff7-222a204b5c02

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling