Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag: Finn erstatningar for oasis

Oasis er ein type stikkmasse som er mykje brukt i blomsterdekorasjonar og kransar. Dei fleste typane oasis er ikkje nedbrytbare. Undersøk alternativ til oasis.
Smilande mann i forkle med blomstrar rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Du jobbar i blomsterbutikken Berekraftige blomstrar. Dagleg leiar av butikken, Timian Busk, har lenge hatt dårleg samvit for det store forbruket av planteskum i butikken. Det passar ikkje heilt inn i visjonen til butikken: «Vi vil tilby berekraftige blomstrar til alle i nærmiljøet!»

Du er nyutdanna blomsterdekoratør og har nettopp blitt tilsett i butikken. Då Timian gjekk på skulen, var det ikkje så mykje snakk om berekraft og sånt, og han er veldig interessert i å høyre kva du kan bidra med.

Eg vil at du skal undersøkje ulike stoff og materiale, og foreslå noko som vi kan bruke i staden for all den oasisen vi bruker i butikken, seier Timian ein dag.

Det er veldig viktig for meg at det nye materialet er miljøvennleg og berekraftig. Og så må det jo vere godt å bruke til å lage dekorasjonar og oppsatsar òg. Og det må ikkje vere for dyrt …

Du synest dette høyrest spennande ut, tek imot utfordringa og går i gang. Timian har laga ei liste med det han vil ha svar på:

Berekraftig stikkmasse

  1. Kva meiner vi med stikkmasse?
  2. Kva eigenskapar bør stikkmasse ha?
  3. Kva stoff eller materiale kan eigne seg til stikkmasse?
  4. Ta utgangspunkt i nokre av stoffa frå oppgåve 3 og legg ein plan for korleis du kan undersøkje

    • kva eigenskapar ein stikkmasse må ha
    • kor nedbrytbart materialet er
    • om det kan brukast om att eller attvinnast
    • kva det kostar
    • kor lett det er å få tak i
  5. Gjennomfør undersøkingane, og systematiser det du finn ut.
  6. Lag ei oversikt over dei ulike materiala. Få fram fordeler og ulemper ved materiala.
  7. Førebu ein kort presentasjon eller pitch der du sel inn forslaget ditt. Foreslå eit materiale som kan inngå som eit erstatningsprodukt for vanleg blomsterskum.

Relatert innhald

Ein god idé fortener ein god presentasjon! For å sikre det kan du bruke NABC-metoden når du skal planleggje ein pitch.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Berekraftig utvikling