Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Den berekraftige frisørsalongen min

Du er nyutdanna frisør og skal starte opp eigen salong som skal vere berekraftig. Legg ein plan for den daglege drifta i ein slik salong.
Krølling av hår på ei kvinne hos ein frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kartlegg kva som påverkar berekraft i ein frisørsalong

  1. Idémyldring: Foreslå kva som kan tenkjast å påverke berekraft i ein frisørsalong. Spel inn alt de kjem på, utan å diskutere.
  2. Sorter forslaga og plasser dei i dei ulike dimensjonane for berekraftig utvikling:
Venndiagram med ikon som symboliserer økonomi, sosiale forhold og miljø. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • miljøforhold
  • økonomi
  • sosiale forhold

    Passar nokon av forslaga i fleire kategoriar? Kommenter.

  1. Gå gjennom dei ulike forslaga. Kva forslag meiner de har størst innverknad på om salongen blir driven berekraftig?
    Finn de forslag som har ingen eller liten innverknad?

  2. Jobb vidare med dei forslaga som har størst innverknad. (Dei mindre viktige kan de ta med seinare viss det blir aktuelt.)

Oppgåve 2. Fordelar og ulemper med ein berekraftig salong

Diskuter synspunkta som kjem fram i denne samtalen:

Berekraft er berre eit fint ord. Det har ingenting å seie for meg som frisør.

Eg synest det er viktig med berekraft, men det er dumt at berekraftige produkt er så dyre. Det blir vanskeleg å få salongen til å lønne seg.

Berekraftige produkt gjer at eg kan jobbe som frisør lenger. Då får eg jobbe lenger, slik at eg tener meir pengar. Det lønner seg.

Som nyutdanna frisør er det så mykje å tenkje på. Eg må konsentrere meg om det frisørfaglege først. Dette med berekraft kan eg sjå på når eg har jobba nokre år.

Oppgåve 3. Planlegg salongen

  1. Ta for dykk ulike delar av drifta i ein frisørsalong.
    • Kom med konkrete tiltak til korleis drifta kan bli så berekraftig som mogleg.
    • Foreslå korleis tiltaka kan gjennomførast.
    • Vurder positive og negative konsekvensar av tiltaka.
      Nokre område det kan vere aktuelt å jobbe med:

      • livsløpet til produkt
      • energiforbruk i salongen
      • risikovurdering
      • inventar
      • yrkesskadar og allergi
  2. Lag ein presentasjon der de legg fram tiltaka de har sett på.
  3. Presenter for kvarandre.

Nokre område det kan vere aktuelt å jobbe med:

  • livsløpet til produkt
  • energiforbruk i salongen
  • risikovurdering
  • inventar
  • yrkesskadar og allergi

Oppgåve 4. Lag ein reklameplakat for den berekraftige salongen

Lag ein reklame der formålet er å tiltrekkje seg kundar til salongen. Reklamen skal brukast i sosiale medium. Informasjonen på plakaten må vere fagleg korrekt.

Oppgåve 5. Sprei bodskapen i sosiale medium

Lag eit fiktivt Facebook-innlegg der de bruker reklamen frå oppgåve 4, saman med ein tekst som skaper mest mogleg positivt engasjement. Bruk ein nettstad der du kan lage fiktive Facebook-innlegg, til dømes Facebook Post Generator.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig utvikling