Hopp til innhald

Fagstoff

Stilar i frisørfaget

Ein frisør må ha god dialog med kundane for å finne ut kva dei ønskjer. Nokre liker det dei er vande med, mens andre har lyst til å prøve noko nytt. Vi bruker omgrepa klassisk, bohemsk, romantisk, dramatisk og sporty stil. Kunden kan halde seg til éin stil eller blande eller veksle mellom fleire.
Ungdommar med raudt krølla hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stilen til kunden

Når du analyserer hår, må du òg ta omsyn til kva stil kunden har, noko som kan variere. Vi snakkar ofte om kva slags type ein person er, og då tenkjer vi gjerne på kva klesstil, jobb og livsstil kunden har. For å finne ut dette raskt i ein analyse må du spørje kva kunden ønskjer, og kva ho eller han liker. Nokre liker stilen dei er vande med, mens andre kundar har lyst til å prøve noko nytt. Det er jobben din og ansvaret ditt å finne ut kva som er riktig for kunden akkurat i dag.

Ulike stiltypar

For å finne stilen har vi nokre enkle retningslinjer. Vi bruker omgrepa klassisk, bohemsk, romantisk, dramatisk og sporty stil. Enkelte kundar har ein rein stil som dei liker, andre blandar stilane, og atter andre vekslar mellom fleire stilar i periodar.

Klassisk stil

Klassisk stil blir uttrykt med frisyrar som er enkle, elegante og moderne. Alle dei fire klippeformene kan kallast klassiske klippeformer, så lenge dei oppfyller desse kriteria. Det vil seie at alle frisyrar, uavhengig av hårlengd, kan få ein klassisk utsjånad.

Glad mann og dame i ein hage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hårfargen til ein klassisk frisyre underbyggjer klippen ved at ein bruker naturfargar, til dømes ulike bruntonar. Vanlege teknikkar er å leggje fargane ton-i-ton med svake kontrastar og jamne overgangar mellom fargane. Stylinga er ofte godt gjennomarbeidd med enkel tekstur og ein ryddig og glansfull finish. Stilen passar til både kvinner og menn.

Bohemsk stil

Bohemsk stil kan iblant blir oppfatta som litt «rotete». Klippeforma er ofte ein langhårsklipp som heilform eller aukande lengder. Hårfargen kan variere frå blondt til kopar, raudt og brunt. Varme fargar er eit typisk kjenneteikn for denne stilen.

Jente med langt hår og panneband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stylinga er individuell og kan ha innslag av hårpynt som fjør, perler, skjel og tråd. Her er det ofte mykje ulik tekstur, til dømes fletter med varierte teknikkar, dreads og bølgjer. Nokre oppfattar det som ein fri, hippie-aktig eller etnisk inspirert stil. Stilen passar til både kvinner og menn.

Romantisk stil

Romantisk stil er enkle klippeformer som heilform og aukande lengder. Dette er frisyrar som har litt lengd på håret, slik at det kan setjast opp. Stilen blir kjenneteikna av mykje tekstur, gjerne i form av krøllar eller fall i håret.

Fargane er milde og sarte, til dømes nøytrale brunfargar og ulike nyansar av blondt. Også pastellfargar kan vere aktuelle, mellom anna dusty grey, dusty blue og dusty rose.

Når det gjeld styling, finn du lette oppsettingar med hårpynt, til dømes perler. Stilen blir ofte forbunden med brudeoppsetting og andre former for oppsett hår. Finishen har ofte ein mjuk utsjånad. Stilen er mest retta mot feminine uttrykk, men kan nyttast av både kvinner og menn.

Vakker brud med perler i håret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sporty stil

Sporty stil heng saman med ein aktiv livsstil. Frisyrane er enkle og lettstelte. Alle hårlengder kan fungere i ein sporty stil. Fargen er ofte naturleg og frisk. Her er du ute etter å skape eit sunt uttrykk.

Kvinne med kort hår og solbriller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stylinga er frisk og praktisk. Det kan vere ein rotete høg dult, ein høg hestehale eller fletter. Eventuelt kombinasjonar av desse teknikkane. Stilen passar til både kvinner og menn.

Dramatisk stil

Dramatisk stil har ein «røff» look. Han er ofte hard i linjene og har eit tydeleg uttrykk. Stilen kan brukast med alle dei fire klippeformene, altså både lange og korte frisyrar, og kan framhevast av farge. Klippen er kreativ, og designlinjene er ein viktig del av heilskapen. Er det snakket om ein langhårsklipp som heilform eller aukande lengder, kan han framhevast med til dømes ein stram lugg, eventuelt ein sterk eller mørk farge. Er det ein kort klipp, er han litt streng i uttrykket.

Fargane som blir brukte i denne stilen, er meir ekstreme enn i dei andre stilane. Her blir det brukt alt frå knallfargar til einsfarga skarpe fargar.

Stylinga kan vere enkel, til dømes ved at håret blir glatta ut med rettetang, men viss det er krøllar i håret, skal desse vere tydelege. Stilen passar til både kvinner og menn.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Trendar