Hopp til innhald

Fagstoff

Trendar i produktutviklinga

Forbrukarane i dag er svært opplyste og vil berre ha det beste. Produktutvikling blir derfor viktigare, og det blir stadig vanskelegare å selje nyhende frå i går. Ein kan seie at det er ein trend at trendane skiftar ofte!
Ung kvinne med gul kåpe og blått hovudplagg. Foto.

Kva er trend?

Omgrepet trend kan bli forklart som ein tidstendens; Det som er på moten til kvar tid, og det som ser ut til å kome på moten i tida framover.

Arbeidsvilkåra til bedrifta set rammer. Trendar er ein del av dei eksterne arbeidsvilkåra som bedrifta ikkje kan påverke.

Trendane og kundane sine ønske er derfor gitt, men kor flink bedrifta er til å drive ei god og riktig produktutvikling, ligg derimot i dei interne arbeidsvilkåra. Kjennskap til trendane i samfunnet – og særskild i eigen bransje – er ein kompetanse det er godt å ha når ein skal drive produktutvikling.

Kva for trendar må bedrifta tilpasse produkt- og tenesteleveransen etter?

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Trendar