Hopp til innhald

Fagstoff

Stil, trend og mote

"Finn stilen din", "følg trendane" eller "ver oppdatert på siste mote". Kva betyr omgrepa stil, trend og mote? Ofte bruker vi dei tre orda om kvarandre, men veit vi eigentleg kva som skil dei?
Dongeribukse med hol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er mote?

Mote er skiftande smak til dømes innan interiør, klede, frisyrar eller levemåtar. Ein mote oppstår når ei gruppe menneske let seg leie mot bestemte førebilete. Moten er vanlegvis mangfaldig, og han forandrar og utviklar seg heile tida. Dette gjer at du kan ta omsyn til eigen stil, samtidig som du følgjer moten.

Ung kvinne med ullskjerf i vinterlandskap. Foto.

Moteløve eller trendsettar?

"Ho følgjer aldri moten, ho er ein trendsettar!" Mange bruker orda mote og trend om kvarandre, men denne setninga viser at det er ein forskjell. Trendsettar er ein person som er i ein posisjon til å starte ein trend, som påverkar og skaper motar ved at andre etterliknar vedkommande.

Ung kvinne med gul kåpe og blått hovudplagg. Foto.

Kva er trend?

Trend er langtidstendensar i ei utvikling. Det kan fortelje kva som er populært på eit bestemt tidspunkt. Når ein marknad opplever ein klår, vedvarande oppgang eller nedgang, kallar vi dette ein trend. Det er mange forhold som pregar kva for produkt vi vel. Produktet skal i første rekkje tilfredsstille eit behov, anten praktisk eller kjenslemessig. I tillegg skal det gjerne fortelje noko om deg, kva du står for og kven du er.

Jente i joggeklede i eit bybilete. Foto.

Kva er stil?

Stilretningar

Stil er uttrykksmåtar som er typiske for ein periode eller ei retning. Den historiske utviklinga av stilretningar kallar vi stilhistorie. Kvar periode har sitt eige formspråk. Kjenneteikn som former, fargar og detaljar kan skilje ei stilretning frå andre periodar. Vi kan seie at noko er typisk renessanse, mens noko anna er typisk for rokokko eller minimalisme.

Personleg stil

Vi bruker også stil om korleis personar uttrykkjer seg. Alle menneske har ein personlegdom. Den kan dei vise gjennom korleis de vel å kle seg. Vi kan til dømes seie at nokon har ein sporty stil, romantisk stil eller klassisk stil. Når vi beskriv personleg stil innan interiør, kan vi til dømes beskrive stilen som klassisk eller rustikk, nostalgisk eller moderne.

Spisebord i tre med kvite stolar i eit kjøken. Foto.

Relatert innhald

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan også inspirere til nyskaping.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Trendar