Hopp til innhald

Fagstoff

Megatrendar

I ordboka er megatrend forklart som ein særleg framtredande (internasjonal) trend. Kva skal til for at vi kan kalle ein trend for ein megatrend, og kva betyr megatrendar for ulike næringar?
Kompassnål som peiker mot ordet TREND. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med megatrend?

Når vi snakkar om trendar, dekkjer omgrepet oftast mindre åtferdsendringar som er meir interessante for dei som skal utvikle nye produkt, enn for dei som ønskjer å analysere dei store endringane i samfunnet. Ein megatrend blir forklart av John Naisbitt som «store sosiale, økonomiske, politiske og teknologiske endringar som skjer sakte, men sikkert».

Trendforsking

Ein av dei fremste trendforskarane i verda er John Naisbitt, som saman med Patricia Aburdene skreiv bøkene Megatrends og Megatrends 2000. I 1982 beskreiv dei ti megatrendar som dei meinte ville påverke oss i eit hundreårsperspektiv:

  • frå det industrielle samfunnet – til informasjonssamfunnet
  • frå tvungen teknologi – til høgteknologi / høg «touch»
  • frå nasjonalt basert økonomi – til verdsbasert økonomi
  • frå kort tidsperspektiv – til langt tidsperspektiv
  • frå sentralisering – til desentralisering
  • frå institusjonell hjelp – til sjølvhjelp
  • frå representativt demokrati – til deltakardemokrati
  • frå hierarki – til nettverkssamarbeid
  • frå «nord» – til «sør»
  • frå anten–eller – til fleire moglegheiter

Megatrendar og utvikling

Fleire av desse megatrendane er relevante når vi analyserer utviklinga. I teknologisk samanheng er det veldig lenge sidan 1982. Samtidig er det lett å sjå at John Naisbitt og Patricia Aburdene trefte godt då dei beskreiv mykje av det som allereie kjenneteiknar dei viktigaste trendane i dag.

Kjelde

Naisbitt, J. (1982). Megatrends – The New Directions Transforming Our Lives. New York: Grand Central Publishing.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Trendar