Arbeidsoppdrag
Bli kjent med bohemsk stil
Kva vil det seie å vere bohem? Kva slags uttrykk har bohemsk stil? Gjer deg kjent med stilen, før du planlegg og lagar ein bohemsk frisyre.
- Finn ut kva det vil seie å vere bohem.
- Lag eit moodboard med bohemsk stil som tema. Her kan du til dømes bruke Pinterest som verktøy.
- Søk deg fram til ulike frisyrar. Bruk søkeord som: hair + bohemian, boho, hippie, viking, festival eller liknande.
- Lag di eiga mappe eller ei Pinterest-tavle for å bli kjent med bohemsk stil.
- Vel element og teknikkar frå bileta du liker. Desse elementa skal du bruke til å setje saman ein ny frisyre. Noter ned tankane dine i eit dokument, og grunngi kvifor du vel akkurat desse elementa og teknikkane.
- Lag deg ei utstyrsliste over kva du treng for å gjennomføre stylinga di.
- Skaff deg eller lag tilbehøyr du treng for å gjennomføre stylinga.
- Øv på dei utvalde teknikkane du treng for å kunne for å lage ei heilskapleg styling. Kanskje du må øve på ei flette eller tvinneteknikk?
- Vel ei dokke eller kunde som har ein hårlengde som kan passe.
- Utfør styling ved hjelp av dei teknikkane du har lært deg. Bruk passande stylingprodukt og utstyr.
- Ta bilete av sluttproduktet.
Skriv ein logg der du vurderer resultatet og arbeidsprosessen din.
Hjelpespørsmål til loggen:
- Korleis har du fått fram den bohemske stilen?
- Kva likte du med arbeidet ditt? Grunngi kvifor.
- Kva må du øve meir på? Forklar kvifor.
- Kva ville du gjort annleis? Grunngi kvifor.