Arbeidsoppdrag
Produktutvikling med trendfargar
Bruk trendfargane for i år i utviklinga av eit produkt. Lag ulike fargeforslag. Beskriv korleis du har brukt fargane for å skape eit bestemt uttrykk eller ei stemning.
Søk på nett og orienter deg i fargetrendane for i år. Du kan også besøke ein fargeforhandlar og få fargeprøvar.
- Det amerikanske fargeinstituttet Pantone kårar kvart år ein farge dei meiner vil bli trendy innan interiør, mote og industri (pantone.com).
- Det danske trendinstituttet, PEJ gruppen, lanserer sine "key colors" to gonger i året (pejgruppen.com).
- Fargerike kårar "årets farge" (fargerike.no)
- Ulike målingsprodusentar, som Jotun Lady, presenterer sine fargekolleksjonar (jotun.com).
- Lag eit stemningskart med maks seks trendfargar og nokre inspirasjonsbilete til produktet du skal lage. Leit etter inspirasjon innan fagfeltet du vel, i naturen eller i materiale. Du kan til dømes bruke den interaktive oppslagstavla Pinterest (pinterest.com).
- Lag fargeskisser av produktet ditt, der du eksperimenterer med fleire ulike fargesamansettingar.
- Lag produktet med dei fargane du synest skaper best resultat. Innan nokre fagfelt, som til dømes tekstil, tre, keramikk, blome eller frisør, vil du no kunne lage eit produkt. I andre fagfelt, som til dømes interiør, profilerings- og eksponeringsdesign, lagar du eit forslag, presentasjonsskisse eller ein modell.
- Presenter fargane i produktet ditt og fortel kva stemning eller uttrykk du meiner fargane skaper. Kva for trendar har du henta inspirasjon frå?