Arbeidsoppdrag
Brud i romantisk stil
Ein kunde skal gifte seg. Bruda ønskjer ein romantisk stil og kjem til deg for å få tips og råd til håret sitt. Korleis kan du hjelpe henne til å bli den beste utgåva av seg sjølv denne dagen?
Ein kunde planlegg eit romantisk bryllaup med borddekor som består av kvite og varme fargetonar, gullstolar og draperingar i taket. Selskapslokalet skal vere opent og lyst. Kunden ser for seg å stå i stil med desse omgivnadene og kjem til deg for å få tips og råd til håret sitt. Ho ønskjer å ha det oppsett, men er open for andre forslag.
- Finn bilete som skal vere inspirasjon til kunden din. Lag eit moodboard som viser idéen din og forslaga til kunden.
- Du skal planleggje ein selskapsfrisyre ut ifrå moodboardet, og tenkje ut teknikkar og produkt som passar den stylinga du skal gjennomføre. Alt håret skal vere frisert, og du kan bruke pynt i frisyren.
- Som ein del av planlegginga skal du lage skisser og arbeidsteikning.
- Finn ei dokke eller kunde som har ein hårlengde som kan passe til planen din.
- Du skal gjennomføre vald selskapsfrisyre, ved hjelp av teknikkar og produkt tilpassa casen. Det skal vere samsvar med vald skisse og arbeidsteikning.
- Skaff eller lag den pynten du ønskjer. Bruk god festeteknikk i frisyren og pynten.
- Ta bilete av det ferdige resultatet.
- Grunngi vala av pynt og stylingprodukt som er med på å framheve ønskt resultat.
- Vurder arbeidet ditt, og grunngi vala av formingsteknikkar og verktøy.