Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
- Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Form
Form handlar om korleis gjenstandane rundt oss ser ut. Å designe blir ofte forklart med å formgi. Når vi behandlar materiale, til dømes frå naturen, gir vi dei ei ny form. Både forma og fargane påverkar korleis vi opplever eit produkt. God formforståing er viktig i alle handverksyrke.
Formuttrykk
Alle former uttrykker noko, og opplevinga av former kan vekke kjensler og er med på å skape ulike stemningar. Derfor må du under heile prosessen frå idé til ferdig produkt tenke gjennom korleis du bruker former. Formelementa du vel, bør passe til produktet og til brukergruppa.
Læringsressursar
Formuttrykk