Hopp til innhald
Fagartikkel

Formspråk og fagomgrep

Alle former uttrykkjer noko. Vi snakkar om formspråk eller formuttrykk når vi beskriv korleis former ser ut. Vi skal sjå på fagomgrep innan to- og tredimensjonal form.

Alle former uttrykkjer noko. Dei kan vere stemningsskapande, verke inn på sansane våre og gi oss eit inntrykk. Formuttrykket kan til dømes vere

  • forenkla, stilisert eller abstrakt

  • lett eller tungt

  • ope eller lukka

  • dynamisk eller statisk

  • positivt eller negativt

I stilhistoria blir du kjend med korleis formspråket har endra seg gjennom stilepokane.

Fagomgrep

Lær deg å bruke fagomgrep når du skal beskrive to- og tredimensjonal form. Klikk på fagorda i presentasjonen under for å få opp forklarande bilete og tekst. Pilane tek deg tilbake til den førre sida.

Geometrisk og organisk form

Animasjonen viser kva som kjenneteiknar hovudgruppene geometrisk og organisk form.

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Geometrisk formspråk

Her er forma bygd opp av geometriske eller matematiske former som kan konstruerast med passar og linjal, til dømes sirklar og kubar.

Organisk formspråk

Forma tek utgangspunkt i det organiske. Det vil seie uregelmessige, mjuke linjer slik vi finn dei i naturen.

Konstruktivt formspråk

Forma er samansett, det ligg ein konstruksjon bak. Til dømes ei bru eller Eiffeltårnet.

Additiv og subtraktiv form

Additiv betyr å leggje til, og subtraktiv betyr å trekkje frå. Animasjonen under forklarer additiv og subtraktiv form og viser korleis vi kan bruke dette i produktdesign.

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Dividert form

Dividert form vil seie å dele ei form opp i mindre delar og forskyve dei. Dette blir òg kalla divisjonsform. Formene som oppstår i mellomrommet, er like viktige som den positive forma. Animasjonen under forklarer og viser korleis vi kan bruke dividert form i logo- og produktdesign.

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Stilhistorie

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan òg inspirere til nyskaping.