Hopp til innhald
Øving

Lag ei side til ei fargeleggingsbok

I denne oppgåva skal du bli kjend med ulike formelement og formuttrykk i arbeidet med å lage ei side til ei fargeleggingsbok.

Dersom alle i klassen lagar kvar si side til ei fargeleggingsbok, kan de etterpå kopiere dei og setje dei saman til bøker. De kan få kvar dykkar individuelle bok ved å lage innbindinga personleg.

Del 1: Innleiande øvingar

  1. Teikn opp to ruter som er 10 cm x 10 cm, og ei rute som er 5 cm x 5 cm.
  2. Den eine ruta, på 10 cm x 10 cm, skal du fylle med organiske linjer og former.
  3. Den andre ruta, på 10 cm x 10 cm, skal du fylle med geomteriske former.
  4. I den vesle ruta skal du lage former ved å bruke punkt. Varier avstanden mellom punkta.

Del 2: Lag ei side til ei fargeleggingsbok

  1. Teikn ei rute på 15 cm x 15 cm. Teikn rundt med ein tusjpenn.
  2. Fyll ruta med linjer. Du skal bruke organiske og geometriske linjer i tillegg til punkt. Teikn over med tusjpenn.

Innlevering og vurdering av

  • øvingane
  • ferdig side til fargeleggingsbok