Hopp til innhald
Oppgåve

Vurder funksjonen – kva tek de med dykk på fjelltur?

Tenk dykk at de skal ei veke på fjelltur i eit område utan mobildekning. Gruppa vel sjølve kvar de skal reise og kva årstid de skal reise på. De får berre ta med 10 ting kvar. Kva gjenstandar tek de med? Kva slags funksjon har dette utstyret?

Funksjon

Funksjon beskriv bruksmåte, altså korleis eit produkt fungerer. Når de skal klare dykk ei veke i fjellet, utan mobildekning, må de ha med nødvendig utstyr. Vurder kva som blir dei viktigaste gjenstandane de tek med på turen.

Gruppearbeid

  1. Del inn i grupper på 2–4 elevar.
  2. Bli einige om kva årstid de vil reise på og kva slags fjellområde de vil vere på tur i.
  3. Alle på gruppa lagar kvar si liste over 10 ting dei vil ta med. Tenk gjennom kva slags funksjon desse gjenstandane har. Prioriter kva du synest er viktigast.
  4. Presenter kva du vil ta med på turen for dei andre på gruppa. Forklar kva slags funksjon dei ulike tinga har, og grunngi kvifor du valde å ta dei med.
  5. Når alle har lagt fram forslaget sitt, diskuterer de kva kvar enkelt skal ta med seg. Det held kanskje med eitt telt? Bli einige, slik at gruppa får dekt behovet for nødvendig utstyr.

GOD TUR!