Fotojakt etter former
Alle former uttrykker noko, og opplevinga av former kan vekke kjensler og vere med på å skape ulike stemningar. Evna di til å sjå og vurdere form påverkar kvaliteten i det skapande arbeidet ditt. I denne oppgåva skal du starte med å bli klar over formene du har rundt deg, ta bilete av dei og lære å beskrive dei på ein profesjonell måte.
Lær deg fagomgrepa:
Geometrisk form
Ei geometrisk form kan vi konstruere med passar og linjal, til dømes sirklar, firkantar og trekantar.
Organisk form
Ei organisk form har uregelmessige, mjuke linjer slik vi finn dei i naturen.
Additiv og subtraktiv form
Additiv betyr å legge til, og subtraktiv betyr å trekke frå. Ei additiv form er bygd opp av fleire delar som skaper ein ny heilskap. Dette blir også kalla ei addert form. Det kan til dømes vere ein hank som er lagt til ei dreidd form i leire, eller ein kollasj som er bygd opp av fleire lag.
I ei subtraktiv form er ein eller fleire deler fjerna, men utgangspunktet blir kommunisert. Vi kjenner til dømes igjen eplet i logoen til Apple, sjølv om ein bit er teke bort. Dette blir også kalla subtrahert form.
Bli samde med læraren dykkar om kor lenge de kan gå på jakt etter ulike former. Ta bilete av det du kjem over, og prøv å finne ulike døme på fagomgrepa over.
Sitt saman med ein medelev og gå gjennom bileta de har teke.
Sorter dei etter:
- geometriske former som sirklar, firkantar og trekantar
organiske former
additive former
subtraktive formar
- former som ikkje passar i nokon av kategoriane over
Vurder bileta de har sortert.
Korleis opplever de formuttrykka i kvar av dei fem formgruppene?
Vis:
gode døme på geometriske og organiske former
gode døme på additiv og subtraktiv form
Forklar korleis de opplever dei ulike formuttrykka.
Relatert innhald
Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.
Additiv betyr at noko blir lagt til, og subtraktiv vil seie å trekkje noko ifrå. Korleis kan du bruke additiv og subtraktiv form i produktutvikling?