Hopp til innhald

Fagstoff

Frå kvardagsplagg til kulturelt kjenneteikn

Til liks med bunaden fortel den samiske folkedrakta kva område ein kjem frå eller høyrer til, men er blitt eit sterkare symbol på identitet.
Bryllupsfølgje i Karasjok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samekufte

Samedrakt eller samekufte er norske namn på den samiske folkedrakta som blir brukt over heile Nordkalotten. På nordsamisk vert ho kalla gákti, på sørsamisk gåptoe og på lulesamisk gáppte.

Par i sørsamiske kofter. Foto.

Følgjer dialektane

Hovudsnittet og fasongen er stort sett like over heile det samiske området, men fargar og dekor på kufte og huve varierer mykje frå distrikt til distrikt, og til ein viss grad følgjer draktvariantane dei samiske dialektgrensene.

Det nordsamiske dialektområdet går på norsk side frå Troms til den russiske grensa i Finnmark. Det austsamiske området er Neiden i Sør-Varanger. Lulesamar held på norsk side til i eit område i Nordland: frå Ballangen til Salten. Det norske sørsamiske området strekkjer seg frå Hattfjelldal i nord til Femunden i sør.

Opphavleg var skinn det viktigaste materialet i samedrakta, men i dag er ullstoff vanleg for dei fleste plagga. Bomull og silke blir også nytta. Gjennom tidene er utforminga blitt påverka av praktiske og estetiske omsyn, og av ulike kulturar. Austsamiske kufter kan til dømes ha russiske eller karelske trekk.

Fortel om tilhøyrsel

Tre personar i lulesamiske kufter. Foto.

Samekufta har lange erme og blir vanlegvis brukt med belte. Mannskufta er kortare enn kvinnekufta. Mange kufter har v-hals, og innanfor er det då gjerne eit bryststykke. Mannsdrakta har ein oppstikkande krage, og har anten djup utringing framme eller kan opnast som ei jakke. Kvinnedrakta er aldri heilt open framme, og har liten eller ingen krage.

Kuftene og huvene blir dekorerte med band i sterke fargar, blonder, tinntrådbroderi, sølv og skinn. Nokre stader bruker ein også søljer og sjal av ull eller silke. Pynten kan vise lokal eller religiøs tilhøyrsel, kva slekt ein kjem frå, eller om ein er gift eller ugift.

Plagg i endring

Samegutar frå Karasjok. Foto.

Opphavleg vart samekuftene brukte til både kvardag og fest. No er det berre eit fåtal som bruker kufta til dagleg, og då helst dei eldste i sentrale samiske område. Elles blir kufta mest brukt til fest eller i høgtider.

– Skiftet har gått over lang tid og byrja først der samane hadde mest kontakt med majoritetsbefolkninga. Diskriminering førte til at samar skjulte identiteten sin ved å gå i andre klede. Mennene var dei første til å ta i bruk vestlege klede. Kvinnene har vore meir tradisjonsbundne. I tillegg kunne det før vere ein indre justis blant mange i det samiske samfunnet, som forbaud bruk av norske klede, opplyser Berit Åse Johnsen ved RiddoDuottarMuseat i Karasjok.

Nærbilete av rysjene nedst i samedrakta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identitetsmarkør

– Inne i fjordane og på fjellet beheldt samane særpreget sitt lengst. Ved kysten gav dei fortare slepp på kulturen sin og bytte kuftene ut med norske klede grunna fornorskinga. Det har ført til at det i visse område i dag ikkje finst dokumentasjon på korleis kuftene såg ut der før i tida, seier rådgjevar Lilian Urheim ved Árran, Lulesamisk senter i Tysfjord.

Ho har halde kurs i kuftesying i mange år og ser ei positiv utvikling. I nokre område der kufta var gått ut av bruk, er ho kome til heider og verde att.

– No er det mange som vil lære å sy kufter, fortel Urheim. Samiske klede er ikkje standardiserte, slik som norske bunader er, der alt er førehandsbestemt, som til dømes materiale og farge. Derfor er det også mogleg å vere kreativ med dei samiske kleda, men innanfor visse tradisjonelle rammer. I dag er det stor fargevariasjon, og kuftene uttrykkjer nye trendar, haldningar og kreativitet.

Tradisjonelle samiske klede har fått ein renessanse. Verdien av samedrakta har endra seg, frå kvardagsklede til stasklede, men kanskje også som eit kulturelt kjenneteikn. Frå å ha vore ein etnisk markør i negativ betyding, har dei blitt eit meir positivt symbol.

– Samedrakta er blitt ein viktig identitetsfaktor, og mange samar har større behov for å markere seg. Det er også blitt vanleg å bruke element frå samedrakta i kombinasjon med andre klede. Målet er at samedrakta blir naturleg å bruke, men det trengst framleis eit lite løft, understrekar Lilian Urheim.

Kronprinsparet i Sametinget ikledd lukka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde:

Fjellheim B. (Red.) & Hjemdahl, A-S (Red.). (2007) Inn i et nytt tusenår – museene og samtiden. Oslo: Novus forlag.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kari Hamre og NPK. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 22.03.2017

Læringsressursar

Samisk tradisjonshandverk