Hopp til innhald

Fagstoff

Duedtie – sørsamisk tradisjonshandverk

Duedtie er knytt til samisk kultur. Produkta har ein funksjon, samtidig som dei har ei eiga samisk uttrykksform. Fargar og formuttrykk varierer frå område til område.

Duojár – samisk tradisjonshandverkar

Samane brukar materiale som er tilgjengelege i naturen. I filmen viser Unni Fjellheim korleis ho tek vare på samisk handverkstradisjon og bruker alt som reinen kan gi. Presentasjonen under inneheld døme med bilete frå sørsamisk tradisjonshandverk i ulike materiale.

Ordforklaringar:

Vevskei er ei lang, smal ramme som ein trær renningstrådane til ein vev gjennom.

Ornamentikk er dekor. Eit motiv blir gjenteke, ofte på ein rytmisk måte.

Kofte er det norske namnet på den samiske folkedrakta.

Bringeklede er eit plagg som dekkjer brystet og halsen. Dette blir brukt under kofta. Dei sørsamiske bringekleda blir ofte dekorerte med tinntrådsbroderi. Plagget blir også kalla brystklede.

Skalleband blir brukte til å snøre saman skorne. Dette held snøen ute.

Relatert innhald

Samisk ornamentikk kan delast inn i forskjellige kategoriar. Former og mønster varierer frå område til område.


CC BY-SASkrive av Susanne Lyngman og Jaahkenelkien Aanna. Rettshavar: Nordland Fylkeskommune
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Samisk tradisjonshandverk