Samane – minoritet i eige land
Urfolk blir ofte definerte som "folk som helt eller delvis, har bevart sin tradisjonelle kultur, verdier og institusjoner, og som levde i et bestemt landområde før storsamfunnet overtok det eller staten ble etablert" (ILO-konvensjon nr. 169).
I 90 land verda over lever til saman 370 millionar menneske som blir rekna som urfolk. Aboriginane i Australia, mayaindianarane i Sør-Amerika, inuittane på Grønland og samane i Norden er alle døme på urfolk.
I Noreg har vi éi urbefolkning, samane. Den samiske befolkninga er busett i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samane er ein etnisk, språkleg og kulturell minoritet innanfor desse fire nasjonalstatane. Området samane lever i, heiter Sápmi.
Den samiske tradisjonelle kulturen er bevart gjennom svært lang tid og ei rekke samfunnsendringar. Men samisk historie handlar òg om undertrykking og kamp for rettar. Noreg har, gjennom å ha ratifisert ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk sine rettar, forplikta seg til å støtte arbeidet til samane for å bevare og utvikle kulturen sin òg i framtida.
Eit særtrekk ved samane sin kultur er det nære forholdet dei har til naturen, og måten dei utnyttar naturressursane på. Ved reinslakt bruker dei heile dyret til mat, og pelsen og gevir blir utnytta til klede og utstyr. Forholdet til naturen har òg prega måten samfunnet er bygd opp på. Reindriftssamar er organiserte i siidaer. Siidaen organiserer reineigarar som utøver reindrift i fellesskap. Det kan vere fleire familiar eller hushald som i fellesskap disponerer eit område. Siida kan òg bety "fellesskap" og "heim" på nordsamisk.
Mykje av samisk historie, spesielt frå 1700-talet, er prega av undertrykking, misjonering og ein sterk assimileringstanke. Assimileringspolitikken hadde som utgangspunkt at samar og kvenar skulle tilpasse seg det norske samfunnet.
Fornorskinga vart presentert som om ho var til deira eige beste. Majoriteten kunne lettare hjelpe minoriteten dersom dei gav slepp på sitt eiget språk, religion og klesstil, meinte ein. Dette vart gjennomført med tvang. Det vart forbode å snakke samisk og å få undervisning på samisk.
Fornorskinga varte til omtrent midt på 1900-talet og har hatt stor betydning for korleis samane har sett på seg sjølve. Dei mista språket sitt og den kulturelle identiteten sin gjennom denne politikken. Fleire heldt i lang tid bakgrunnen sin skjult for etterkommarane sine.
Dei siste tiåra har det vore eit sterkare medvit rundt samisk kultur og språk. Samane sin stilling som urbefolkning innanfor den norske staten har vorte grunnfesta, blant anna gjennom grunnlegginga av Sametinget og eit forvaltningsområde for samisk språk. I tillegg har det komme ei oppblomstring av samisk musikk og film, og i 2017 vart det arrangert eit stort samisk jubileum som fekk mykje oppmerksemd nasjonalt.
Kommunal- og distriktsdepartementet. (2020, 13. februar). ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/midtspalte/ilokonvensjon-nr-169-om-urbefolkninger-o/id451312/
Ravna, Ø. (2020, 9. januar). Siida. I Store norske leksikon. https://snl.no/siida
Samiske veivisere. (u.å.). Ett folk i fire land. Henta 13. februar 2020 frå https://samiskeveivisere.no/kategori/ett-folk-fire-land/
Relatert innhald
I ein periode på nesten 100 år førte den norske staten ein aktiv fornorskingspolitikk overfor samar og kvenar.