Hopp til innhald

Fagstoff

Kan vi blande kufteelement?

Samekufta viser identitet og kvar den som har på seg drakta, kjem frå. Er det då rett å ha sørsamisk ornamentikk på tinnveska, viss hen som ber kufta er frå Finnmark? Blir det riktig å setje kile på ei sørsamisk kufte?
Utsnitt av kofter i ulike farger som henger i et skap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kufte er identitet

Maja Dunfjeld har tidlegare vore lektor og førsteamanuensis på Sámi allaskuvlla. Ho var også den første leiaren ved Duodjeinstitutet då instituttet blei oppretta. Dunfjeld seier at du ikkje bør ta det første og beste når du skal saume kufte, men bruke identiteten og røtene dine som utgangspunkt. Du kan ikkje få tak i kva som helst kufte og tru at alt er greitt. Det er viktig at du skaffar deg informasjon og gjer identiteten din synleg gjennom kufta.

Ho trur at ein kan gløyme at identitet er ein viktig del av kufta viss ein fokuserer på å saume den finaste kufta.

– Det blir helt feil å hente delar av andre kufter for å få den dyraste og penaste kufta. Dei som saumar slike kufter, manglar som regel kunnskap.

– Ein skal ikkje blande alt saman til ei suppe. Mangfald er viktig, men kufta må ha ei form vi kan kjenne igjen og som gir identitet. Vi skal kunne kjenne kvarandre igjen og vite kvar folk kjem frå, allereie før vi byrjar å snakke saman. Dersom vi ser nøye etter, kan vi til og med finne ut kva for familie somme høyrer til, forklarer Dunfjeld.

Utfordring

Inga Hermansen Hætta leier Duodjeinstituttet i dag, og ho meiner at det er ei utfordring ta vare på særtrekka frå dei ulike områda.
– Vi må minne folk om å vere medvitne kring identiteten sin, slik at dei ikkje blandar inn delar frå andre område, seier Hermansen Hætta.

Ho illustrerer dette med eit døme: På svensk side liker dei ikkje at somme norske samar har begynt å bruke mønsteret deira på belta sine. Mønsteret er noko dei svenske samane har hatt på belta sine i mange år.

På same måte blir det feil å setje kilar på ei sørsamisk kufte, fordi dette er noko som berre har blitt gjort nordpå. Eg synest at vi skal bruke tradisjonane våre. Det er ei utfordring å bevare kufta som identitet slik ho er i dag, forklarer Hermansen Hætta.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Torgrim Halvari. Rettshavar: iSÁMi.PRESS AS
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020

Læringsressursar

Samisk tradisjonshandverk