Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Etnisk urbanitet?

Korleis kan de designe dansekostyme som kan gi assosiasjonar til både samisk kultur og ein urban stil? Musikken er laga av det samiske bandet Isák. Dansarane skal ha svarte tettsitjande genserar og tights. I tillegg skal dei ha på seg dekorasjonar som de skal lage.

Oppdrag

I samband med oppsetjing av ei danseframsyning er de bedne om å lage kostyme. Dansarane skal ha svarte tettsitjande genserar og tights. De skal designe dekorasjonar som kan gi assosiasjonar til både samisk kultur og ein urban stil.

Musikken til dansen er laga av det samiske bandet Isák. Låtene "Máze" og "Mun Lean Dàs" vart framførte live hos Lindmo, på NRK, 22. mars 2019. Tekst og melodi er laga av Ella Marie Hætta Isaksen, Aleksander Kostopoulos og James Daniel Njie Eriksen.

Ung kvinne i grøn kjole på ein scene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dekorasjonane til dansarane kan til dømes plasserast rundt handledd, okle, midje, hals eller hovud. Hugs at kostymet ikkje må skape avgrensingar for dansen, til dømes hindre sikt, vere for stramt, stikke eller liknande. Dekorasjonane kan gjerne forsterke rørslene til dansarane.

Del 1: Individuelt arbeid

  • Sett deg inn i kva etnisitet betyr. Hent gjerne inspirasjon frå andre etniske grupper enn den samiske. Sjå òg på kva som kan vere typisk for ein urban stil.
  • Undersøk kva former, fargar, materiale og tekstilar som er typiske for det samiske uttrykket.
  • Vel ein av låtane: "Máze" eller "Mun Lean Dàs" hos NRK. Lytt til musikken og tenk ut ei stemning du vil prøve å oppnå. Lag eit moodboard og bruk fleire bilete til å vise stemning, referansar og fargebruk.
  • Teikn skisser og planlegg eit kostyme. Lag eit materialoppsett som viser prøvar av materiale du vil bruke.

Del 2: Gruppearbeid

  • Sett dykk saman i ei gruppe som har valt same låt. Presenter moodboard, skisser og materialoppsett for kvarandre.
  • Kva er bra i dei ulike alternativa? Kan noko av dette blir kombinert i ei ny løysing?
  • Lag eit felles forslag frå gruppa. Dette kostymet skal de kunne presentere til dansekoreografen eller dansegruppa. (I eit reelt oppdrag vil dei gi tilbakemelding på kva som passar best til dansen.)

Dansarar med kostymerinspirert av samisk kultur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Individuelt arbeid

  • Lag eit ferdig kostyme.
  • Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer om kostymet kunne vere med på å skape den stemninga dei ønskte i danseframsyninga. Kan antrekket gi assosiasjonar til både samisk kultur og urban stil? Grunngi svaret ditt.

Innlevering

  • moodboard
  • skisser
  • materialoppsett
  • arbeidsteikning
  • ferdig kostyme
  • refleksjonsnotat







CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2023

Læringsressursar

Samisk tradisjonshandverk