Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om IP-adresser

IP-adresser blir brukte for adressering av datapakkar som blir sende i lokale nettverk og over internett. I denne oppgåva får du testa kunnskapen din om IP-adresser.
Enkelt verdskart laga med små sirklar. Tittelen er IP-adresser. Illustrasjon.

Vi tilrår at du les artikkelen IP-adresser (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

  1. Kor mange bit er ein IPv4-adresse?

  2. Kor mange bit er ein IPv6-adresse?

  3. IP-adresser er originalt i binære tal, men kva talsystem bruker vi vanlegvis når vi skal representere IP-adresser på ein lettlesen måte for oss menneske?

  4. Kva er ein ISP?

  5. Kva er formålet med subnettmaske / ruting prefiks?
  6. Vis kva binærforma og CIDR-notasjonen er for dei følgjande IPv4-subnettmaskene:

    1. 255.255.255.0

    2. 255.255.0.0

    3. 255.255.192.0

    4. 255.255.255.252

Ekstraoppgåver

  1. IPv6 er i ferd med å ta over for IPv4. Gjer undersøkingar og finn data om kor mykje av datatrafikken som i dag blir gjord med IPv6.

  2. IP-adresse for avsendar og mottakar er sentrale delar av pakkehovudet til ein datapakke, men er subnettmaska del av pakkehovudet? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar