Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om VLAN

I denne oppgåva skal du utforske og vurdere ulike aspekt av virtuelle lokalnettverk (VLAN).
Fire leidningar i forskjellige fargar møtest og er fletta saman for eit kort område. Så blir dei spreidde til seperate leidningar igjen. Foto.

Vi tilrår at du les artikkelen Virtuelt lokalnettverk (VLAN) (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

  1. Lag din eigen definisjon av kva VLAN er og gjer.

  2. Kva er dei største fordelane og ulempene med VLAN som du kan kome fram til?

  3. Undersøk kor mange ulike VLAN eit moderne nettverk kan ha.

  4. Nettverk blir designa ut frå behova som skal dekkjast. Beskriv kva VLAN du meiner er fornuftig for dei følgjande døma:

    1. Bøygd AS er ei lita bedrift som bøyer røyr og metallplater på bestilling. Bedrifta har satsa på automatisering og har fleire nettverksstyrte robotar. Bedrifta ønskjer eit nettverk for private mobile einingar (mobiltelefonane til tilsette). Bedrifta har ein liten administrasjon / ei lita leiing på tre personar.

    2. Bedrifta Kortutleige AS leiger ut små hybelleilegheiter for utvekslingsstudentar og andre som treng bustad i mindre enn eitt år. Bedrifta har tolv hybelleilegheiter i ein bygning på tre etasjar. Kortutleige AS har teke på seg å skaffe trygg internett-tilgang for alle bebuarar, både kabla og trådlaust nettverk.

    3. Hotellet Solgløtt har 200 hotellrom, restaurant og bar. Solgløtt har ti reinhaldsarbeidarar som bruker eit tablet-basert system for å vite kva rom dei skal gjere klare, når. Hotellet har ein kombinert administrasjon og resepsjon.

Ekstraoppgåver

  1. Finn to definisjonar på nettet på kva trunk er for noko.

  2. Kva er fordelane og ulempene med desse framgangsmåtane? Kva framgangsmåte vil du ønskje å bruke i nettverk du set opp?

    1. Alle svitsjportane køyrer trunk med alle VLAN aktive som standard. Når ein port skal takast i bruk, blir innstillingane justerte slik at irrelevante VLAN blir fjerna.

    2. Alle svitsjportane er deaktiverte som standard. Når ein port skal takast i bruk, blir han aktivert og blir gitt dei relevante VLAN-a.

    3. Alle svitsjportane er sette til det vanlegaste VLAN-oppsettet som standard og blir tilpassa ekstrabehov.

  3. I mange bedrifter er det vanleg å køyre IP-telefonar på eit eige VLAN. Kvifor blir dette i staden gjort for å berre ha IP-telefonane på same VLAN som tilsettmaskiner?

  4. Kva kan ein trusselaktør gjere viss han får fysisk tilgang til ein trunk-kabel eller svitsj med trunk-tilgang?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2021

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar