Hopp til innhald

Fagstoff

Domenekontrollarar

PC-ar, skrivarar og anna datautstyr i bedrifter er oftast underlagde ein domenekontrollar. Domenekontrollaren gjer det lettare for dei IT-ansvarlege å administrere utstyret og vareta IT-sikkerheita.
Ein lang og mosegrodd mur laga av steinblokker i forskjellige storleikar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet domene er omsett frå det engelske ordet domain og det franske ordet domaine. Men opphavet er latin, der ordet betydde herredømme og blei brukt om eit område der nokon hadde eigarskap og kontroll. Omgrepet blir brukt på ulike fagområde, men meininga er nokså lik. Nokre døme:

  • «The Earl's vast domain was under his absolute control.»
  • Tidlegare hendingar er domenet til historikaren.
  • Norid styrer alle domene under toppdomenet .no.

Når vi bruker omgrepet domene innan IT og datanettverk, snakkar vi om eit avgrensa område som nokon har kontroll over.

Kvifor bruker vi domenekontrollarar?

Domenekontrollarar er til stor hjelp for dei IT-ansvarlege i bedrifter. Lat oss ta eit døme: Det skal installerast ny programvare på jobbdatamaskinane til alle tilsette. I staden for å installere programvara manuelt på kvar enkelt maskin, kan prosessen styrast frå éin stad via domenekontrollaren. Eit anna døme: Ei bedrift tilset ein ny person. I staden for å opprette ein brukar på kvar enkelt datamaskin som den nytilsette kan kome til å bruke, kan ein opprette brukaren i domenekontrollaren, slik at den nytilsette kan nytte den same påloggingsinformasjonen på alle maskinane i bedrifta – eller dei maskinane som dei IT-ansvarlege ønskjer at den nytilsette skal ha tilgang til. Når ein person sluttar, kan brukaren til vedkomande blir sletta frå registeret i domenekontrollaren. Det gjer at personen mister tilgangen til å logge seg på maskinane i bedrifta. Samla gir dette god moglegheit for å administrere utstyr, og det aukar i tillegg sikkerheita.

Fordi domenekontrollarar tek frå vanlege brukarar mange av styringsmoglegheitene på eigen maskin, kan det oppstå misnøye og problem. Tenk deg til dømes at ein tilsett treng å installere spesialprogramvare, men ikkje lenger har rettane som trengst for å gjere det. Det kan den tilsette oppleve som frustrerande. Det er derfor viktig å finne ein balanse mellom å ha kontroll over utstyret og å gi dei tilsette den fridommen dei treng.

Den vanlegaste domenekontrollar-programvara blir levert av Microsoft. Ho er ein del av Windows Server-programvara deira og heiter Active Directory (AD).

I animasjonen under kan du sjå eit døme på korleis katalogtenesta til domenekontrollaren tek over styringa av spesifikke funksjonar frå operativsystemet på ein datamaskin.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar