Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

VLAN-simulator

VLAN lar oss virtualisere fleire logiske nettverk med eit sett med fysisk nettverksutstyr. Dette gjer at vi kan skilje nettverkstrafikk frå kvarandre som om vi hadde hatt fleire separate fysiske nettverk. I denne simuleringa skal du setje opp eit slikt nettverk.
Modell av eit nettverkskart med seks maskiner, tre svitsjar, aksesspunkt og ruter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Simuleringa viser eit fysisk nettverk for ei lita bedrift. Nettverket har ein ruter, ein server, tre svitsjar og fem grupper med einingar. Nettverket er kabla opp, men manglar VLAN-konfigurasjon.

Modell av svitsj med fire knappar rundt for konfigurasjon av fysiske portar på svitsjen. Illustrasjon.

Bedrifta ønsker å bruke tre VLAN: eit for tilsette, eit for IT-drift og eit for gjestar og innleigde konsulentar.

VLAN-konfigurasjon blir gjord på kvar enkelt fysiske port på nettverksutstyret og server.

Hovuddelen av simuleringa er ein guida gjennomgang på seks oppgåver som leier gjennom konfigurasjonen. Under simuleringa er nokre tips som kan vere nyttige for den siste oppgåva.

Modell av et nettverkskart med 6 maskiner, tre svitsjer, aksesspunkt og ruter. Illustrasjon

VLAN-Simulator

VLAN gjer det mogleg å sette opp flire virtuelle nettverk på eit sett med fysisk nettverksutstyr. Her kan du prøve deg fram.

Opne i nytt vindauge
Tips til oppgåve 6

I oppgåve 6 skal du setje opp eit aksesspunkt og kople berbare einingar til det trådlause nettverket.

Modell av aksesspunkt. To einingar er kopla til det trådlause nettverket. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfigurasjonen er litt ulik frå svitsjport-konfigurasjonen du har gjort tidlegare. Du får opp ei liste over trådlause nettverk du kan aktivere og knyte til riktig VLAN (som du må skrive inn nummeret på).

Merk òg at det kanskje ikkje er ønskeleg at alle VLAN er tilgjengeleg trådlaust.

I den andre delen av oppgåva skal du kople einingane til det riktige trådlause nettverket.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar