Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om IPv6

I denne oppgåva skal du vise kunnskapen din om IPv6-adresser og korleis dei fungerer i lokale nettverk og over internettet.
Sanddyner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen IPv6 (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

Faktaopplysning for oppgåvene

IPv6 har i overkant av 340 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 unike adresser. Dette kan vi òg beskrive som (3.4×1038).

Oppgåver

  1. IPv4-adresser består av 32 bit. Kor mange bit består ei IPv6-adresse av?

  2. Kor mange bit av IPv6 blir brukte normalt til nettverksdel og vertsdel av adressa?

  3. Kva blir IPv6-prefiks brukt til?

  4. Gjer om denne adressa frå binært til heksadesimalt:

    0010000000000001:0000110110111000:0000000000000010:0111011000011001:1000101000101110:0000000000000000:1101011101110000:0001110000100100.

  5. "Det er så mange IPv6-adresser at kvart sandkorn på jorda kunne ha hatt tusen IPv6-adresser kvar og endå ikkje brukt alle dei tilgjengelege adressene."

    1. Søk på nettet og finn eit estimat på kor mange sandkorn det truleg er på jorda.

    2. Kor riktig meiner du påstanden er?

    3. Lag din eigen påstand som er nærare sanninga.

Ekstraoppgåver

  1. Det finst variantar av DHCP for bruk i IPv6-nettverk, men det er òg mogleg å bruke Stateless Address Autoconfiguration (SLAAC). Finn informasjon om systemet, og beskriv kva det gjer.

  2. Skriv ei kort skildring av kva Unicast-, Multicast- og Anycast -adresser er.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2021

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar