Hopp til innhald

Fagstoff

Ikkje-rutbare og spesielle IPv4-adresser

Nokre IPv4-adressesegment kan berre brukast internt i lokale nettverk eller internt i ei enkelt datamaskin. Det er lurt å kjenne til desse og andre IPv4-adresser som har spesielle bruksområde og ikkje kan brukast til ordinære nettverkseiningar.
Eit nett av kuler som er laust kopla saman. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rutbare og ikkje-rutbare IP-adresser

Dei fleste IPv4-adresser er rutbare på internett. Det vil seie at ruterane i dei ulike nettverka internett er bygd opp av, vil vidaresende datapakkane som bruker desse adressene. Dette sikrar at datapakkane kjem fram til mottakaren.

Øydelagd pappeske. Foto.

Ikkje-rutbare IP-adresser blir òg kalla private IP-adresser. Dei er adresser som ruterane på internett vil forkaste dersom dei er brukte som avsendar eller mottakar på datapakkar.

Den vanlegaste bruken av ikkje-rutbare IP-adresser er i lokale heimenettverk og bedriftsnettverk. For at nettverkseiningar i eit slikt nettverk skal kunne kommunisere via internett, må ruteren i nettverket gjere omadressering med NAT (Network Address Translation). Du kan lese meir om det i denne artikkelen: NAT (ndla.no). Omadresseringa byter ut dei ikkje-rutbare IP-adressene med ruteren si eiga rutbare WAN IP-adresse.

Dei følgjande IP-adressesegmenta er ikkje-rutbare og kan fritt brukast i lokale IPv4-nettverk:

IP-adressesegment

CIDR-notasjon

Talet på adresser

10.0.0.0 - 10.255.255.255

/8

16777216

172.16.0.0 - 172.31.255.255

/12

1048576

192.168.0.0 - 192.168.255.255

/16

65536

Loopback-adresser (localhost)

Nokre gonger treng ulike program som køyrer på den same datamaskina å kommunisere med kvarandre.

Jente held opp ein innramma plakat med teksten There is no place like 127.0.0.1. Foto.

Det er praktisk å bruke nettverksprotokollane for kommunikasjonen, men det er ofte upraktisk å bruke den ordinære IP-adressa til datamaskina, altså adressa som er gyldig i lokalnettverket eller på internett, for kommunikasjonen. Datapakkane som skal mellom programma, treng nemleg ikkje gå ut på nettverket i det heile.

Adressesegmentet (127.0.0.x) blir brukt for å sende datapakkar internt i ei datamaskin. Den vanlegaste adressa for loopback er 127.0.0.1.

Spesielle og reserverte IPv4-adresser

Den første og den siste adressa i eit IPv4-subnett er reserverte og kan ikkje brukast til einingar. Eit døme er adressesegmentet 192.168.1.x, som er eit /24-nettverk med subnettmaske 255.255.255.0. Adressesegmentet omfattar alle adresser frå 192.168.1.0 til 192.168.1.255, men 0 og 255 i den siste oktetten av IP-adressa er reserverte. 0 er reservert og indikerer heile subnettet. 255 blir brukt til broadcast-pakkar, som er datapakkar som går ut til alle einingar i subnettet.

Den første gyldige IP-adressa i eit subnett, til dømes 192.168.1.1, blir vanlegvis brukt til ruteren (default gateway). Dette er ikkje eit krav, men det er vanleg praksis.

Relatert innhald

IP-adresser blir brukte for å adressere datapakkar som skal sendast i lokale nettverk og over internett. Vi kan anten bruke IPv4 eller IPv6.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Nettverkstenester og protokollar