Hopp til innhald
Fagartikkel

Forkorting av IPv6-adresser

IPv6-adresser er lange sjølv når dei er gitt i heksadesimale tal. Heldigvis har vi moglegheit til å forkorte adressene.

Kvart heksadesimale tal i ei IPv6-adresse beskriv fire binære bit. Vi kjenner talet på bit i kvar seksjon (16) og det samla talet bit i adressa (128). Dette opnar for at vi kan forkorte IPv6-adresser slik at dei blir meir lettlesne.

To steg for å forkorte IPv6-adresser

1. Dersom IPv6-adressen har ein samanhengande seksjon eller meir med nullverdiar, kan denne fjernast. Dobbelt kolon viser kvar i adressa nullverdiane er fjerna. Dette kan berre gjerast ein gong per IPv6-adresse.

2. Nullverdiar heilt til venstre i kvar seksjon kan fjernast. Dersom det er heile seksjonar igjen med nullverdiar, kan desse blir representerte av ein enkelt 0.

Døme på ugyldig forkorting

Vi tek utgangspunkt i dømeadressa: 2001:0db8:0000:4619:8a2e:0000:0000:a100.

I adressa er det tre seksjonar som berre består av null verdiar:

2001:0db8:0000:4619:8a2e:0000:0000:a100.

Berre to av desse heng saman. Dersom vi fjernar alle tre og leggjer inn kolon der vi fjerna seksjonane, ville adressa sjå slik ut:

2001:0db8::4619:8a2e::a100

Denne adressa er ikkje gyldig, for det er umogleg å avgjere kvar det er teke ut to seksjonar, og kvar det er teke ut ein enkelt. Så forkortinga kan både tydast som

2001:0db8:0000:4619:8a2e:0000:0000:a100 og

2001:0db8:0000:0000:4619:8a2e:0000:a100

Dette gjer at vi ikkje kan bruke den forkortinga.

Riktig måte å forkorte denne adressa på vil vere

2001:0db8:0:4619:8a2e::a100

Døme på lovlege forkortingar

I døma over viste vi ganske moderate forkortingar. I mange tilfelle kan adressene forkortast mykje meir, til dømes dersom vi skal beskrive større adressesegment.

2001:0db8:0000:0000:a442:0000:0000.00a0

er eit døme på ei adresse som kan kortast ned til

2001:db8::a44a:0:0:a0

fc00:0000:0000:0000:0000:0000:0000:0000

er eit adressesegment som blir berre brukt internt i lokalnettverk , som vil seie at det ikkje kan rutast over internettet. Adressa til segmentet kan forkortast ned til

fc00::

fc000:0000:0000:0001:0000:0000:0000:00a1

er ein IPv6-adresse berre for bruk i lokalnettverk. Denne kan forkortast ned til

fc00:0:0:1::a1