Hopp til innhald

Spelefilm

De urørlige

Komedien De urørlige (2011) byggjer på ei sann historie. Mangemillionæren Philippe er lam etter ei ulykke. Driss er Philippes nye pleieassistent. Dei to utviklar ein nær og usannsynleg venskap. Filmen blei sett av 20 millionar franskmenn då han gjekk på kino i Frankrike.

Om filmen

Philippe er svært rik og velståande og bur i eit stort hus i utkanten av Paris. Han har alltid elska ekstremsport, fart og spenning. Ein dag tok han eit skjebnesvangert val. Han flaug med paraglideren i regnvêr, og turen enda i ei alvorleg ulykke.

Etter ulykka blei Philippe lam frå livet og ned, og han er no heilt avhengig av å bruke rullestol. Han har behov for hjelp til det meste for å kunne klare seg i det daglege.

Når Phillipe skal tilsetje ny pleieassistent, fell valet på Driss. Driss har berre søkt jobben for å sikre at han får utbetalt trygdepengar. Han har verken erfaring som pleieassistent eller lyst på jobben.

Menneskeverd

Driss er ein utradisjonell og impulsiv pleieassistent. Gjennom Driss sin direkte og ofte impulsive veremåte blir Philippe utfordra til å tore å ta nokre sjansar. Trass i forskjellane dei imellom blir dei etter kvart gode vener.

De Urørlige er ein viktig film om menneskeverd og respekt. Filmen viser at god pleie ikkje berre handlar om mat og stell, men òg om å bli sett av andre og om gode opplevingar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.09.2021

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap