Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Whose streets?

Borgarrettsforkjempar Martin Luther King sitt kjende sitat “Opptøyar er språket til dei uhøyrde” kjem til sin rett i denne dokumentaren. I Whose streets? blir dei uhøyrde si historie høyrt.

Om filmen

Mange hugsar nyheitsbileta frå Ferguson i USA, frå dagane og vekene etter at den 18 år gamle Michael Brown vart skoten og drepen av ein kvit politimann i august 2014. Brown var uvæpna, han vart skoten fleire gonger, og hendingsgangen er såpass uklår at demonstrasjonar følgde nesten med ein gong. For den afroamerikanske delen av befolkninga blir guten eit symbol på at rasisme og diskriminering framleis er ein stor del av kvardagen for mange amerikanarar.

Ferguson blir i vekene etter drapet omgjort til ei krigssone. Vi ser nyheitsbilete av valdelege opptøyar, skriking og slagsmål i gatene. Vi ser folk som plyndrar butikkar og tenner på bilar, medan politi og hæren møter opp i tanks, innfører portforbod og kastar tåregass. Spørsmålet denne dokumentaren stiller, er om USA ikkje har kome lenger enn borgarrettsrørsla på 1950- og 60-talet?

Sosiale medium og #BlackLivesMatter

Tidlegare vart alle rekonstruksjonar frå ulike åstader dokumenterte berre ut frå det politiet la vekt på. Observasjonar var baserte på kva politi og vitne fortalde i etterkant. No kan einskildmenneske sjølve filme og dokumentere hendingar, også direkte via sosiale medium.

I Whose Streets? ser vi at lokalbefolkninga tek fram eigne mobiltelefonar og byrjar å dokumentere korleis nabolaget reagerer på at gatene deira blir til ei krigssone over natta. Aktivistane og Black Lives Matter-kampanjen får dermed gjennombrotet sitt, og politistyrkane i Ferguson blir i etterkant sterkt kritiserte for reell diskriminering mot den afroamerikanske delen av befolkninga.

Sosiale medium kan altså vere med på å flytte makt tilbake til folket. På den andre sida kan sosiale medium òg brukast til å produsere polariserande propaganda og "Fake news". Derfor er kritisk tenking viktig for å kunne skilje mellom ekte og falske nyheiter.

Kritisk tenking

Whose streets dokumenterer godt korleis den svarte befolkninga i St. Louis slit med å bli høyrt i etterkant av drapet på Michael Brown. Vi får òg eit unikt innblikk i Black Lives Matter-bevegelsen og kampen deira for rettferd.

Politiet og styresmaktene blir på si side først og fremst portretterte gjennom presseklipp. Dei blir ikkje intervjua i samband med akkurat denne dokumentaren, og dermed kan det stillast spørsmål ved om filmen gir eit balansert bilete av saka. Den 28 år gamle politimannen Darren Wilson, som skaut og drap Brown, vart frikjent for drapet av ein jury.

Uansett side, Whose streets? belyser ei sak som framleis er svært aktuell, og ikkje minst svært betent i USA i dag. Filmen er godt eigna til vidare diskusjon om til dømes amerikanske våpenlover, polititenestemenn sin bruk av skytevåpen eller diskriminering av minoritetar.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap