Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Pøbler

ADHD, dysleksi, rusproblem, mobbing og andre utfordringar har gjort livet vanskeleg for ungdommane vi møter i dokumentarfilmen Pøbler.

Om filmen

Filmen handlar om kva som skjer med ungdom som ikkje klarer å gjennomføre vidaregåande skule, ei aktuell problemstilling i Noreg. Ungdommane i Pøbler har falle ut av skulen, og mange har vanskar med å få innpass i arbeidslivet. Jan Olav, Jakob og Maylén er tre av ungdommane på kurset.

Jan Olav (24) har nettopp komme ut frå fengsel etter å ha sona ein dom for grov vald. Han har også dysleksi, noko som gjer det vanskeleg for han å ta del i samfunnet.

Jakob (25) har utvikla svært usunne rusvaner. I filmen fortel han at frå første gong han drakk seg full, var han «seld». Plutseleg opplevde han at han kunne prate som ein foss.

Maylén (24) har ADHD. Dette gjer at ho alltid har hatt problem med å sitje stille og med å konsentrere seg. Maylén har hatt problem med å passe inn på skulen, og medelevar har ofte oppfatta henne som slitsam. Dette har ført til mobbing og isolasjon.

Pøbelprosjektet

Pøbelprosjektet blei starta av Eddi Eidsvåg, som eit kurs for enslege forsørgjarar i 1997. I dag blir prosjektet drive med mål om å få menneske ut i jobb eller skule.

Med støtte frå NAV kan ungdom søkje om å bli med i prosjektet for å lære korleis dei bør gå fram for å få seg jobb. Dei blir kursa også i ulike strategiar dei kan bruke for å klare seg betre i samfunnet generelt. Ungdommane blir også oppfordra til å jobbe med å endre negative tankemønster.