Alt om min far - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Alt om min far

Alt om min far handlar om Esben Esther Pirelli Benestad. Han er ein far som oppfattar seg sjølv som både kvinne og mann. Filmen er regissert av sonen, Even Benestad.

Om filmen

Even bruker blant anna gamle filmklipp som går heilt attende til den gongen far hans var liten og sat i barnevogn. Når ein ser på eit slikt lite barn, er det kanskje mogleg å tenkje seg at dette barnet ein dag kan komme til å bli far. Langt vanskelegare er det å tenkje seg at denne faren også skal komme til å oppfatte seg som kvinne.

Even Benestad seier i filmen at han ikkje kan sjå far sin som ei kvinne. Gjer han det, blir faren borte for han. Fedrar er menn. Faren på si side synest det er svært sårt at sonen ikkje også kan sjå han som kvinne, og på same tid forstå at det ikkje en noka motsetning mellom det å vere kvinne, det å vere mann og det å vere far.

Skrive av Esben Esther Pirelli Benestad og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2017