Carmen & Lola - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Carmen & Lola

Alt forandrar seg då 17 år gamle og gifteklare Carmen møter Lola. Det er forventa at romjenter giftar seg tidleg og innordnar seg mannen, og det er heilt uakseptabelt at to romjenter forelskar seg. Då det oppstår varme kjensler mellom jentene, blir dei stilte overfor eit umogeleg val.

Om filmen

Lola er inga typisk romjente. Ho studerer for å bli lærar, driv med graffiti, og ho er lesbisk. Det siste er det ingen som veit, men det går rykte om ho om at ho er annleis.

Ein dag møter Lola Carmen på ein lokal marknad i Madrid. Familien til Lola er grønsakshandlarar, og familien til Carmen har òg ei bu på marknaden.

Dei to jentene finn tonen, og etter kvart oppstår det romantiske kjensler mellom dei. Men det er farleg å la kjenslene ta overhand. Carmen er forlova, og homofili er dessutan heilt uakseptabelt blant romane. Carmen og Lola går ei uviss framtid i møte.

Umogeleg kjærleik

Det er forventa at unge jentene skal gifte seg og vere gode husmødrer for familiane sine. Lesbiske jenter er ikkje aksepterte blant romane.

Carmen og Lola veit derfor at dei ikkje kan leve ut kjærleiken sin opent. Dersom dei vel kvarandre, vil dei bli utstøytte av familiane sine. Dei to jentene står overfor eit vanskeleg val: familie eller kjærleik.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 13.03.2023