Hopp til innhald
Nynorsk
Spillefilm

Pride

Pride er ein rørande feelgood-film som baserer seg på verkelege hendingar. Han skildrar gruvearbeidarstreiken i Storbritannia i 1984, då ei gruppe homofile aktivistar frå London samla inn pengar til dei streikande gruvearbeidarane.

Om filmen

I 1984 byrja ein stor og langvarig gruvearbeidarstreik i Storbritannia. Mange streikande gruvearbeidarar og familiane deira måtte leve berre på donasjonar, sidan regjeringa fraus midla til fagforeininga.

Ei gruppe homofile og lesbiske aktivistar i London finn ut at dei vil støtte dei streikande gruvearbeidarane og dannar foreininga “Lesbians and Gays Support the Miners”.

Foreininga byrjar å samle inn pengar til ein tilfeldig liten gruveby i Wales. Etter kvart blir dei godt kjende med gruvearbeidarane i byen og familiane deira. Det viser seg å vere utfordrande å skulle hjelpe ein liten gruveby på landet når ein er fargerik og homofil frå storbyen. Det er nemleg ikkje alle arbeidarane som er like glade for å få økonomisk støtte frå ein gjeng såkalla “pits and perverts”.

Storbritannia på 80-talet

Filmen gir eit innblikk i livet til dei streikande arbeidarane under Margaret Thatchers leiing på 80-talet. Han viser òg korleis det var å leve som homofil i ei tid der trakassering, undertrykking og AIDS-frykt var ein del av kvardagen.

Samankomsten mellom to vidt ulike grupper demonstrerer kor viktig det er å gi slepp på eigne fordommar, og heller prøve å bli kjend med menneske som er ulike ein sjølv.

Prislønt film

Pride hadde verdspremiere på filmfestivalen i Cannes i 2014. Her fekk han ståande applaus og vann Queer Palm-prisen.

Filmen blei òg nominert til prisen for beste komedie eller musikal under Golden Globe-utdelinga i 2015. Han har òg vunne ei rekke andre prisar, både britiske og internasjonale.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Pride

Bruk det du har lært om kultur og kommunikasjon til å arbeide med filmen Pride.

Skrive av Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 31.05.2025