Hopp til innhald

Kortfilm

Bendik og monsteret

Dette er ein kortfilm om eit einsamt monster som ikkje vil skremme, og om ein einsam gut som ønskjer å vere akkurat som han vil. Saman finn dei eit fellesskap.

Handling

Bendik og monsteret er ein animasjonsfilm som handlar om Bendik og kva som skjer når han oppdagar at det bur eit monster under senga hans.

Lille Bendik blir oppmoda til å vere “meir mann enn mus” av den muskuløse nye kjærasten til mora. Samtidig viser det seg at det store, skremmande monsteret ikkje liker å skremme i det heile. Denne filmen viser at styrke og det å vere modig ikkje nødvendigvis handlar om storleiken på musklane dine, eller korleis du ser ut.

Kjønnsroller

Bendik og monsteret tek òg opp tema som identitet og kjønnsroller, og dessutan kva forventningar vi møtest med i samfunnet. Dette blir godt eksemplifisert i møta mellom Bendik og den nye kjærasten til mamma.

Frå bok til film

Det aller første møtet med Bendik og monsteret fekk vi gjennom Arne Svingens populære barnebokserie med same namn.

Kortfilmen har òg gjort stor suksess sidan premieren i 2014, og har vorte vist på over 50 filmfestivalar. Han har vunne fleire prisar, mellom anna publikumsprisen på Palm Springs International Short Film Festival, og publikumsprisen på Fredrikstad animasjonsfestival.

I 2016 vart Bendik og monsteret-universet utvida ytterlegare med ein app som inneheld boka, filmen og interaktive spel.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap