Hopp til innhald

Spelefilm

Thelma

Joachim Triers Thelma er ubehageleg, men òg fengslande. Filmen har ein mørk undertone, men er likevel romantisk og forfriskande. Dette er sjangerfilmen ein ikkje kan setje i bås.

Om filmen

Kontrasten og overgangen blir stor for Thelma (Eili Harboe) når ho flyttar åleine frå sørvestlandet til eit urbant studentliv på Blindern i Oslo. Ho slit med å finne seg til rette i sin nye by, samtidig som dei svært religiøse og overvakande foreldra hennar framleis held eit jarngrep rundt henne.

Sterke blir også kreftene når Thelma blir betre kjend med, og ikkje minst får kjensler for medstudenten Anja. Thelma blir «leia inn i freisting» og får svært kraftige epilepsi-liknande anfall som etter kvart viser seg å ha potensial til å føre til stor skade på både henne sjølv og andre.

Overtru, mystikk og symbolikk

Vi opplever eit slags forseinka tenåringsopprør gjennom hovudpersonen Thelma. Ho symboliserer det uskuldige og vakre, samtidig som ho går gjennom ein indre kamp som inneheld langt mørkare underliggjande kjensler. Her er fortrengde barndomsminne, bibelske bilete, eksorsisme og uklare skilje mellom fantasi og verkelegheit.

Sjølv om det overnaturlege tek stor plass i filmen, står dette likevel ikkje i vegen for noko svært menneskeleg og noko ein kan kjenne att. Filmen ser nærare på kva som kan skje med eit menneske når kjensler, begjær og kjærleik blir undertrykt eller strengt kontrollert. Han balanserer på ein knivsegg mellom tragedie og personleg frigjering.

Ingen sjangerklisjear

Regissør Trier har med Thelma laga ein typisk sjangerfilm, men det er likevel vanskeleg å setje han i bås. Filmen brukar kjende element frå skrekkfilm- eller grøssarsjangeren, men er likevel langt unna hyl, blod og splatterfilmen. Thelma inneheld også fleire referansar til kjende filmskaparar og filmane deira, som til dømes Fuglane (Hitchcock), Mulholland Drive (David Lynch) og La den rette komme inn (Tomas Alfredson).

Thelma har blitt rost opp i skyene av filmmeldarane, og har både vunne og blitt nominert til filmprisar over heile verda. Filmen var også Noregs Oscar-bidrag i 2017.

Relatert innhald

Joachim Triers Thelma (2017) har referansar til fleire andre filmar. Ein av desse er Alfred Hitchcocks Fuglene.

Den kritikarroste filmen Thelma er full av symbolikk og antydningar. Her ser vi nærare på dei forteljetekniske grepa.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap