Hopp til innhald

Fagstoff

Å skaffe mat

Dei første menneska måtte jakte og sanke av naturen for å skaffe seg mat. Etter kvart fekk ein betre verktøy både til jakta, og ikkje minst i overgangen til jordbruk.
Helleristningar som viser ein jeger som jaktar på reinsdyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jeger- og sankarsamfunn

I dei tidlege samfunna var folka nomadiske, og dei var avhengige av det dei jakta og sanka både for mat, klede og utstyr.

Dette gjaldt òg dei norske områda. Dei første menneska som kom, var jegerar og sankarar, og dei budde i stor grad med nærleik til sjøen. Tidlegare var havnivået betrakteleg høgare enn i dag, og sjølv om havnivået sokk og landet heva seg etter siste istid, var det framleis naturleg bu i nærleiken av sjøen. Dei fleste steinalderbuplassar er funne nær dei gamle strandlinjene. Dette gjorde at det for det meste var ulike typar fisk og skaldyr som stod på menyen.


Sjå korleis isen auka og trekte seg tilbake i denne animerte framstillinga:

Icemap


Særleg med eit varmare klima og meir småskog blei det òg ein auke i storvilt. Menneska jakta på storvilt som rein, elg og hjort. Hjortedyr var sjølvsagt ei viktig kjelde til mat, klede og utstyr, men det betydde òg noko når det gjaldt å få heider og makt.

Overgang til jordbruk

Overgangen til jordbruk var ei av årsakene til at det blei bygd opp lokalsamfunn. Folk trong ikkje lenger flytte rundt for å få tak i nyttevekstar og vilt, til dømes, men kunne no dyrke det dei trong av vekstar.

Ein refererer gjerne til overgangen til jordbruk som ein revolusjon, sjølv om det nok var ein mykje meir gradvis overgang enn som så i dei aller fleste samfunna. I norsk historie kan ein både seie at det var ein gradvis og etappevis overgang, men òg at det var ein usikker overgang. Dei aller første som byrja med dyrking, hadde det usikkert. Det førte i første omgang til eit meir einsidig kosthald, og det var vanskeleg viss avlinga slo feil eller vêrforholda øydela. Då var det fare for livsgrunnlaget.

Det er nok ein grunn til at dei fleste i ein periode heldt fram med jakt og fiske, trass i aukande kunnskap om jordbruk, mellom anna gjennom kontakt med andre skandinaviske samfunn for å utveksle varer.

Etter kvart fekk jordbruket likevel meir fotfeste. Sjølv om det altså var usikkert frå begynninga av, fekk produksjonen i jordbruket eit gjennombrot frå omkring 2350 f.Kr. Etter dette forandra samfunna i Sør-Noreg seg raskt. Noko av det viktigaste her er at folk blei busette over tid ved at dei bygde gardar og starta korndyrking. Etter kvart blei òg dyr tamde og brukte i dyrehald, som kunne gi meir stabil kjøtproduksjon.

Gjennombrotet hadde samanheng med teknologi i form av reiskap, befolkningsvekst, nye busetjingsmønster og sjøfart.


Kjeldeliste:

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar