Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påverknad på naturen

Vurder korleis jeger- og sankarsamfunnet og overgangen til jordbrukssamfunnet påverka naturen.
Ein mann måla i gamal egyptisk stil går bak to oksar som trekkjer ein plog. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kva slags påverknad hadde jeger-/sankarsamfunnet på naturen samanlikna med jordbrukssamfunnet?
  2. Med tanke på det du no har lese om desse tidlege samfunna; ville du levd som jeger/sankar eller jordbrukar? Kvifor meiner du dette? Noter ned nokre stikkord for deg sjølv før du diskuterer med sidemannen.

Oppgåve 2

Diskuter i grupper:

  1. Drøft kva betydning overgangen til jordbrukssamfunnet hadde for menneska.
  2. Kva betydning hadde denne overgangen på eit berekraftig samfunn? Kan vi snakke om berekraft allereie i denne perioden? Kva synest de?
CC BY-SASkrive av Eva Bratvold, Magnus Sandberg og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar