Hopp til innhald

Fagartikkel

Jegerar og sankarar

Gjennom det meste av menneska si historie har folk levd som jegerar og sankarar. Det vil seie at menneske ikkje dyrka jorda eller hadde husdyr, men levde av jakt, fiske og det dei kunne finne i naturen.

LK20LK06
Utsnitt av helleristingar måla i raudt på grått fjell. Utsnittet viser menneske i båt, samt dyr ved sida av. Foto.

Helleristingane i Alta.

Nomadisk tilværet

Vi reknar med at dei fleste levde i grupper på opptil 30 personar, og at det i hovudsak var slekter som heldt saman.

Menneska kunne ikkje bu ein fast stad, men måtte flytte etter matressursane. Det kan ha vore vanleg at dei følgde etter flokkar av dyr, som også var på årvisse, sesongbestemte vandringar.

Nomadar

Nomadar og nomadisme vert brukt som omgrep på folkegrupper som flytter frå stad til stad. Ein skil gjerne mellom nomadar som følgjer beitedyra til stammen etter kvart som dei skifter beiteplass, og nomadar som flytter frå stad til stad for å selje varer.

Døme på tradisjonelle nomadefolk er beduinar, berbarar og tuaregar. Andre døme på folk med nomadiske tradisjonar er samane og vandrarfolk som rom og romanifolk.

I det nomadiske tilværet var det ikkje praktisk å eige mange ting. Alt dei eigde måtte dei bere med seg. Folk i jeger og samlarsamfunnet hadde klede av skinn, og reiskapar og våpen som var laga av stein, tre og bein. Elles hadde dei ikkje mykje eigedom. Difor er det rimeleg å tru at det ikkje var noko sterk sosial lagdeling. Dei som var eldst og mest erfarne, hadde truleg ei leiarrolle, men “leiarløna” må ha vore avgrensa til at dei fekk dei største og beste stykka av byttedyret. Mange forskarar meiner at folk i jeger og sankarsamfunnet jobba mindre enn menneske har gjort seinare, kanskje så lite som eit par timar om dagen i gjennomsnitt. Prisen å betale, var at det var kort veg frå velstand til krise. Ei jegergruppe kunne bukke under på kort tid om ikkje dei fann mat.

Kosthold og reinsemd

Sjølv med ein forventa levealder på ca. ein trededel av kva den er i dag, er det mykje som tyder på at folk i jeger og samlarsamfunnet levde sunt. Jakt og samling ga eit allsidig kosthald, med mykje protein og feitt. I jordbrukssamfunnet vart kosthaldet meir einsidig. Det var også færre smittsame sjukdomar fordi dei ikkje hadde husdyr som smitteberarar, og fordi dei flytta frå sitt eige avfall. I meir bufaste samfunn er reinsemd og avfallshandtering ei utfordring. Jegerar og samlarar hadde også færre belastningsskader enn seinare bønder, fordi de ikkje hadde så einsidige, monotone arbeidsoppgåver.

Teknologisk innovasjon

Illustrasjon med foto av okerstein med gravert inn mønster og ein 3D-modell av mønsteret ved sida av. Under fotoet av steinen står målestokken 1 cm. Steinen ser ut til å vere ca. 5 cm lang etter denne målestokken.

I 2002 vart denne okersteinen funnen i Blombos-grotta i Sør-Afrika. Mønsteret vart laga for ca. 70 000 år sidan, og er mellom dei tidlegaste døma på abstrakt kunst.

Gjennom tusenåra kan vi sjå både teknologisk innovasjon og kunstnarisk produksjon i jeger og sankarsamfunna. Jakt med pil og boge, snarefangst og fiske med garn, er nyskapingar frå dei siste 50.000 åra. Arkeologane har også funne kunst i form av dekorerte våpen, små kvinnefigurar i leire eller stein, og fantastiske holemaleri. Kanskje kan vi seie at det var den same evna til innovativ tenking, som gjorde at homo sapiens sapiens på eit tidspunkt begynte med å halde husdyr og dyrke jorda, og dermed starta ein heilt ny epoke i arten sn historie.

Sist oppdatert 22.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Kommuneforlaget

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar