Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Norrøne bønder og samiske jegarar

Jordbruk og husdyrhald begynte å gripe om seg i Noreg for omtrent 4500 år sidan. Jordbruk krev kunnskap, høg arbeidsinnsats, langsiktig planlegging og tryggingstiltak mot tjuvar. Det var difor gode grunnar til å halde fram med jeger- og sankarlivet.

Langhus med menneske og nokon dyr i innhegning utanfor. Skjermbilete frå animasjon om Steinalderen.

Det første jordbruket i yngre steinalder blei kjenneteikna av betre bustader, husdyr og noko korndyrking.

Omlegging til jordbruk i sør

Då jordbruket først begynte å spreie seg, skjedde omlegginga raskt i Sør-Noreg. Etterkvart vart det også dyrka jord nordover langs kysten. Ein grunn til omlegginga kan ha vore at kaldare klima gjorde at det vart mindre vilt i skogen. Dermed vart det vanskelegare å leve som jeger. Ei medverkande årsak kan vere at mange hadde kunna leve relativt bufast, sjølv som jegerar og sankarar, takka vere den store ressursrikdommen frå både havet og skogen. Dermed var kanskje ikkje terskelen så stor for å også dyrke jorda. Etter kvart som bronsereiskapane kom, vart det også lettare å drive jordbruk.

For kaldt i nord

Men lengst nord i landet vart det for kaldt til å dyrke jorda, sjølv om nokre prøvde. Frå vikingtida er det funne spreidde busetjingar av jordbrukarar - truleg innvandrarar frå Sør-Noreg - i Nord-Troms og på nokre øyar i Vest-Finnmark. Men dei vert borte, og generelt kan vi seie at Nord-Troms og Finnmark vart jegerane sitt land. Forskarar meiner at mykje av den samiske etnisiteten vart til i det første tusenåret etter Kristus, då nokre begynte å dyrke jord, medan andre heldt fram med å livnære seg av jakt og sanking. Jegerane, som vi i dag kjenner som samar, kan ha blitt pressa nordover av den stadig større utbreiinga av jordbruket.

Jegerfolket i nord

Dei tidlegaste spora av samar er frå tidleg jarnalder. Mellom dei eldste spora arkeologane har funne er, er restar av gammar. Dei viser at samane har flytta gjennom året. Om vinteren var det mykje snø i innlandet. Då budde samane ved kysten. Der fiska dei, og fanga kval og sel. Det er funne groper brukt til koke tran i , heilt frå den tida. Om våren flytta dei inn i landet. Då fiska dei i elvar og vatn, og jakta småvilt. Om hausten plukka dei bær og jakta rein og elg.

Arkeologane har også funne fangstgroper som samane har brukt til å fange rein. Samane hadde tamrein allereie i jarnalderen, men berre nokre få dyr som truleg vart brukt som trekkdyr og til mjølking. Dei kunne også nyttast som lokkedyr, for å lokke til seg villrein.

Stor stein som står på ei åsside med utsikt over fjorden. Foto.

Den samiske offersteinen Stalloen i Kvalsund i Finnmark.

Også den samiske religionsutøvinga har sett spor i naturen, i form av offersteinar. Samane ofra gjerne kjøt, blod eller feitt frå dyr, eller tran frå fisk. Ofringane tilbakeførte naturen sine gåver og oppretta igjen balanse i naturen. Samane levde i naturen utan å prøve å bestemme over den. Dei trudde at heile naturen var levande; at steinar, elvar og hav hadde liv og kraft, og at den sterkaste av alle, var sola. Naturen er dermed ikkje noko ein tvingar under seg og manipulerer, men ei kraft ein lever saman med, i harmoni. Ei slik animistisk verdsoppfatning er vanleg mellom urfolk mange stadar i verda.

Sist oppdatert 13.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar