Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mat og berekraft

Det er relativt nytt å tenkje på berekraft i historiske samfunn. Levde dei første nordmennene berekraftig? Blei dei mindre eller meir berekraftige då dei gjekk over til eit jordbrukssamfunn?
Historisk illustrasjon som viser gard frå bronsealderen. Det er menneske og dyr rundt omkring på garden. Det er eit bål og gjerde rundt heile garden. Han er omringa av bjørketre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg var dei første menneska jegerar og sankarar, som skaffa det dei trong av fisk og kjøtt. Viss vi ser på kosthaldet, vil det nok for dei fleste ha vore basert mykje på fisk, sjølv om dei òg jakta på storvilt.

Seinare gjekk ein gjennom ein overgang til jordbruket, begynte å dyrke ulike matplantar, og tamde dyr til husdyr.

Viss du skulle funne ut av kva som var den mest berekraftige måten å skaffe seg mat på i dei tidlege samfunna, korleis ville du gått fram?

Oppgåve

Det er mange faktorar som påverkar om noko er berekraftig eller ikkje.

Jobb saman i små grupper, og vel noko ved dei tidlegare samfunna og måten dei skaffar mat på som de ønskjer å finne ut meir om.

De kan til dømes finne ut meir om

  • jakt på vilt
  • fiske
  • sanking av plantar til mat
  • behov for trevirke til oppvarming, fyring og bygging
  • jordbruksproduksjon – korndyrking

Finn ut kva som skulle til for å drive berekraftig, og sjå om de klarer å samanlikne med i dag.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2021

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar