Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksport av varer frå Noreg

Oppgåve der skal du jobbe med historiske toll- og skipsanløplister som kjelde for å lære meir om eksport av varer frå Noreg.
Arendal sett frå sjøsida med hamna med fleire typar små og store båtar. Litografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I desse oppgåvene skal du bruke kjelder som viser import og eksport av varer til ulike hamner i Noreg. Oppgåvene seier noko om kva hamner du skal bruke, men alle oppgåvene her handlar om eksport – altså om utførsel av varer frå Noreg. Listene er frå 1700-talet, og Noreg er då Danmark-Noreg. Derfor vil du sjå at innanriks òg omfattar Danmark. Eksport vil då vere til andre land.

Oppgåve 1

Ta for deg eksporten av fiskevarer frå Bergen eller Trondheim ved å sjekke kjelda:

Oversikt over hamner og vareslag

Når du vel ei vare, kan du klikke på ho, og så vel du "vis detaljer" i øvste høgre hjørne for å sjå kor mykje som blei eksportert. Vel tabellar for eksport, til dømes "Ut fra Bergen via utenrikshandel".

  1. Kor stor eksport var det av fiskevarer? Vel ein av følgjande fiskevarer: klippfisk, sild eller torsk. Vel eit spesifikt år. Hugs å skrive kva år du har valt.

  2. Fleire av fiskeartane har tal i pund. Finn ut kor mykje vekt eit pund svarte til.

Oppgåve 2

Kjelde: Varelister norske tollstader

Tips: Klikk på talet heilt til venstre for å få listene i lesbar form, då gotisk skrift kan vere vanskeleg å lese.

  1. Beskriv korleis handelen med trelast forandra seg frå tidleg på 1500-talet til seint på 1700-talet.

  2. Vel den hamna som er nærast der du bur. Bruk så tollistene for å finne ut kor mange ulike typar trelast som blei eksportert (sjå lister for "ut" frå hamnene), og til kva land trelasten blei eksportert. Vel deg gjerne eit år eller to.

Oppgåve 3

Vel hamna som er nærast der du bur. Vel så listene for utførsel av varer ("ut") på eit valt år i varelistene. (Hugs: Klikk på talet til venstre.) Vel gjerne eit anna år enn du valde i oppgåve 2.

  1. Kva næringar har det tradisjonelt vore i lokalområdet ditt / regionen din?

  2. Kva andre råvarer enn fisk og trelast finn du i listene?

  3. Var det noko du synest var rart at blei sendt ut frå denne hamna? Klarer du å finne ut kvifor akkurat denne vara blei eksportert?

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling