Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere tømrar på 1700-talet

Tømmermann Anders frå Eiker var 22 år i 1711, og han var tilsett ved sølvgruvene på Kongsberg. Dei færraste tømmermennene på byrjinga av 1700-talet arbeidde på stader som sølvverket. Dei fleste bygde bustadhus, og mange reiste rundt og tok oppdrag.
Mann med flott jakke med knappar, vest, halstørkle og skyggelue. Han står lent inntil ein trestamme og har ei øks under armen. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tømmermann Anders Simenssen

Då Anders Simenssen var 22 år, hadde han vore tilsett i tre månader ved Kongsberg Sølvverk. På den tida var det totalt 23 tømmermenn der. Meir enn 1 000 menneske var knytte til sølvverket på ulike vis.

Dei fleste av tømrarane ved sølvverket var ikkje frå bygdene omkring Kongsberg. Dei kom langvegs frå, som Gudbrandsdalen eller Hedemarken. Éin tømrar hadde reist heilt frå Magdeburg i Tyskland. Dersom Anders ikkje vart utsett for nokon arbeidsuhell, kunne han truleg sjå fram til fast jobb og inntekt livet ut ved sølvverket.

Gammal teknisk teikning av trekonstruksjonar ved Kongens gruve, Kongsberg sølvverk. Teikninga viser ein dam, eit vasshjul, renner og fleire små hus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tømmermenn som Anders som jobba ved sølvverket, bygde og heldt ved like alt av trekonstruksjonar. Det mest storslåtte var kanskje transportsystemet der vasshjul vart brukt til å trekkje opp malm frå gruvene. I gruvene var det òg stigar og etasjar og dessutan heissystem.

Å jobbe som tømrar

Dei færraste tømmermennene arbeidde på stader som Kongsberg Sølvverk i denne perioden. Dei fleste bygde bustadhus, og mange reiste nok rundt og tok ulike byggjeoppdrag. Husa både i byane og på landet var oftast bygd i lafteverk, men nokre stader vart det bygd i utmura bindingsverk. Då laga tømraren skjelettet for bygget og la golv og golvåsar.

Tømmermenn fekk aukande ansvar ved byggjearbeid på 1700-talet, og nokre av dei vart entreprenørar. Tidlegare hadde arkitektane hatt ansvaret. Det var på denne tida at omgrepet byggmeister dukka opp.

CC BY-SARettshavarar: Buskerud Bygningsvernsenter og Tidvis
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling