Hopp til innhald

Fagstoff

Røros koparverk

Koparverket var sjølve grunnlaget for framveksten av bergstaden Røros. I 1644 vart det sett i gang prøvedrift, og i 1646 fekk verket sine første privilegium. Gruvedrifta held fram heilt fram til 1977. Desse 300 åra skulle setje varige spor i befolkninga og landskapet i rørosområdet.
Fra Røros Smeltehytte, sett fra Slegghaugen i 1888. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bergverksbyen voks fram der det i 1644 var fem gardar. Etter kvart som byen vart utvida, kom befolkninga til å bestå av innflyttarar. I hovudsak var desse frå naboregionane, men det var også innslag frå fjernare stader. Arbeidarane kom frå bonde- og småkårsbefolkninga. Verksadministrasjonen, bergverksspesialistane og embetsfolka kom i hovudsak frå overklassen og bykulturar i Danmark og Tyskland.

Sirkumferensen

Kjelde med gotisk skrift. Christian de 4.s sine privilegium for Røros verk av 19. oktober 1646. Scannet kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfor den såkalla sirkumferensen hadde verket utvida rettar til naturressursane og overfor befolkninga. Sirkumferens kjem av det latinske ordet cirkum som tyder «omfang/omkrins». Denne vart målt frå funngruva som var Gamle Storwartz i ein radius på ca 44 km.

Naturressursar

Privilegia innebar at verket hadde rett til å utvinne alle malmførekomstar og til naturressursar som gruvedrifta var avhengig av. Dette var skogvirke til fyrsetjing i gruvene og til smelteomnane. Vidare retten til å byggje ut vassdrag for å drive vasshjul. Desse dreiv heisar og pumper. Det mest drastiske var dessutan pliktarbeidet som menneska innanfor sirkumferensen måtte utføre.

Rykande smeltehytte i Røros. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pliktarbeid

Røros koparverk hadde eigne lover og eige rettsapparat som gjaldt innanfor sirkumferensen. Dette fekk ikkje berre innverknad på sjølve drifta av verket, men også på livet til menneska som budde innanfor verksområdet. Pliktarbeidet var lønna, men betalinga var ofte varer som vart prissette av koparverket. Dette førte fleire gonger til konfliktar mellom verksleiinga og arbeidarane.

Krigsår

Grådige og udugelege eigarar skulle prege bergverket frå 1660- til 1680-åra. I 1678 toppa elendet seg då svenske troppar marsjerte inn i Røros utan å møte motstand. Alle bygningar i byen vart brende ned, berre kyrkja vart spart. Gruvene vart også øydelagde. På veg tilbake mot Sverige held svenskane fram nedbrenninga av gardar. For å berge seg gjennom vinteren vart det bygd koier i skogen til arbeidarane og familiane deira. Gjenoppbygginga starta våren 1679. Men alt i august var svenskene tilbake og brende ned det som var bygd opp.

Nye eigarar

Fleire alvorlege konfliktar mellom eigarane og arbeidarane tvinga til slutt styresmaktene i København til å opprette det Nordenfjeldske bergamt. Bergverket fekk då nye eigarar som hovudsakleg var storkjøpmenn i Trondheim.

Betre tider

Bortsett frå eit nytt krigsoverfall frå svenskane i 1718, var det overskot ved verket gjennom heile 1700-talet. Under revolusjons- og Napoleonskrigane steig overskotet til store høgder, og bergverket var kanskje den beste forretninga i Noreg på den tida. I tråd med auka drift voks også arbeidsstokken til eit par tusen mann. Dette var igjen medverkande til den økonomiske framgangen for Trondheim på 1700-talet.

Tekniske nyvinningar

I 1878 vart Rørosbanen opna, og ein ny epoke starta for bergverket. Ein gjekk dessutan over frå trekol til steinkol og koks til smelteprosessen. Dermed vart det slutt på kolbrenninga og kolkøyringa, noko som hadde vore ei viktig næringskjelde for fleire hundre gardbrukarar.

Frå industri til turisme

Koparprisane vart stadig lågare i takt med dårlege tider og auka arbeidarlønningar utover på 1900-talet. Bortsett frå eit stort oppsving i koparprisane under fyrste verdskrigen, var det vanskelege tider for verket.

I 1977 melde Røros koparverk seg konkurs. Røros kom på UNESCO si verdsarvliste som første industristad i 1980. I dag er turisme den viktigaste næringa i rørosområdet, ei næring som er tufta på over 300 år med gruvedrift.

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 04.10.2017

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling