Hopp til innhald

Fagstoff

Metall

Metallutvinning var ei viktig næring for mange i Noreg i perioden 1500–1800. Salet til utlandet gav gode inntekter. Noko av metallet blei òg vidareforedla til varer som Danmark-Noreg hadde behov for. Metalla blei henta ut som malm frå gruvene og vidareforedla i omnane på verka.
Bilete frå innsida av Kongsberg sølvgruver, der vi ser ein såkalla stoll, altså ein skrånande gang nedover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Av jernet blei det laga gryter, omnar, spikar og stenger, og desse varene blei i hovudsak selde i Noreg og Danmark. Koparen blei laga til stenger eller plater og eksportert til Nederland. Der blei koparen brukt til å lage gryter, kanonar og myntar, eller han blei brukt i legeringar som bronse eller messing. Sølv og gull blei til myntar.

Staten, skogen og metalla

Det har vore gruvedrift langt tilbake i tid i Noreg, men det var først i perioden 1600–1650 at gruve- og verksnæringa voks fram for fullt. Staten gav verka privilegert tilgang til skogen i området rundt verket, noko som blei kalla «sirkumferens». Skogen var viktig som brensel i gruvene og i produksjonen av metall ved verka.

Sølv, kopar og jern var dei viktigaste metalla som blei utvunne i Noreg. Kongsberg sølvverk blei oppretta i 1623 og sytte for sølv til staten sine myntar. Jernverka voks fram på same tid. På 1700-talet var det til saman 15 jernverk i drift. Jernverka låg på Sørlandet og Austlandet og produserte halvfabrikat som jernplater og barrar, og ferdigvarer som omnar, gryter og spikar. Frå 1730 til 1794 hadde det norske jernet privilegert tilgang til den danske marknaden. Dermed blei Danmark den viktigaste eksportmarknaden. Jernproduksjonen auka opp gjennom heile 1700-talet – frå 3200 tonn årleg i 1720-åra til 6000 tonn rundt 1760 og 9000 tonn etter 1800.

Gate, kirke og hus i Røros. Vi ser nokre menneske i biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kopar blei i hovudsak utvunne i Trøndelag. Av fem verk var Røros koparverk, etablert i 1644, det klart største. Koparproduksjonen nådde toppen i 1780, men fordi dei internasjonale koparprisane var høge, greidde verket å halde drifta gåande med overskot i lang tid etter det.

Arbeidarane

Verka i Noreg sysselsette til saman 7000 personar i 1750. Vanskane under napoleonskrigane gjorde at bergverka nedbemanna til om lag 2000 tilsette i 1815, men så auka talet til 5000 i 1840. Då hadde den industrielle revolusjonen skapt ein ny teknologi og heilt andre marknadsforhold. I motsetning til skogsbøndene og fiskarbøndene hadde arbeidarane i gruvene og på verka fulltidsjobb. Når verka reduserte talet på tilsette i nedgangstider, hadde dei då lite å falle tilbake på. Store fattigdomstiltak blei derfor sette i gang i dei første tiåra etter 1800, både i Kongsberg og på Røros.


Månadslønner ved Kongsberg sølvverk 1770

Gutane tok til å arbeide for verket alt i 5–7-årsalderen. Dei begynte som vaskegutar. Arbeidet skjedde over jorda, men sjølv om dei arbeidde i dagslys, var det vått, og arbeidsdagane var lange. Dei fekk to riksdalar i månaden. Det var mellom 30 og 50 prosent av det vaksne menn fekk. For familiane til gutane må likevel lønna ha vore eit viktig tilskot. Frå dei var om lag 18 år gamle, fekk dei arbeid i gruvene. Med meir fagutdanning fekk dei òg høgre lønn. (Kjelde: Bjørn Ivar Berg: Glemte mennesker, Novus forlag, Norsk bergverksmuseum, Oslo 2005)

Verkssamfunna

Oversikt over bygningane på Nes Jernverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg var verkssamfunna i praksis lukka samfunn – nesten som «øyar» i bondesamfunnet. Dei hadde eigne skular og kyrkjer, og eigne lover for arbeidarane og familiane deira. Kontakten med samfunnet rundt var avgrensa. Arbeidarane i gruvene og ved verka var fagutdanna. Mange, i alle fall i dei leiande fagstillingane, var henta frå utlandet. Dei fleste kom frå Tyskland, som den gongen hadde ein leiande posisjon i bergverksindustrien.

Men også norske bønder var knytte til gruvene og verka. Bøndene var i hovudsak leverandørar av ved og trekol, eller dei køyrde malm eller varer. Arbeidet var pålagt bøndene i «sirkumferensen», men dei fekk betaling. Det blir diskutert blant historikarar kor stor byrde det pålagde arbeidet utgjorde. Men det er klart at for mange gav køyringa ei viktig ekstrainntekt.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 04.10.2017

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling