Hopp til innhald

Fagstoff

1536–37: Reformasjon og lydrike

1536 og 1537 er nokon av noregshistoria sine mest dramatiske år. På ei og same tid mista landet sjølvstendet sitt og blei tvinga til å gå over til ei heilt ny form for kristendom.
Mann sitter på trone omgitt av mange menn som står. Skulptur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå personalunion til lydrike

Allereie i 1319 gjekk Noreg inn i ein personalunion med Sverige. Det vil seie at landa hadde felles konge, men var elles sjølvstendige rike. Vi mangla ein kongsson og fekk felles konge med Sverige gjennom giftarmål. Dette var ein laus union som seinare blei delvis oppløyst, men då Noreg fekk den danske kongsdottera Margrethe til dronning, skulle dette endre seg. Ho hadde eit mål om å bringe dei tre landa saman under éin konge, og ved hjelp av dei gode kontaktane sine og politiske kløkt klarte ho å få hylla barnebarnet til søstera si, Erik av Pommern, til konge i ein skandinavisk union i den svenske byen Kalmar i 1397, den såkalla Kalmarunionen. I eit opprør leidd av Gustav Vasa klarte Sverige å bryte ut av unionen i 1520. Noreg, som den klart svakaste parten, stod igjen i unionen med Danmark.

Etter ein blodig borgarkrig i Danmark på 1530-talet blir Christian 3. innsett som konge. Christian hadde sjølv møtt Martin Luther og var overtydd lutheranar. I 1536 innførte kongen reformasjonen i Noreg og avsette det norske Riksrådet. Dette blei gjennomført i praksis først året etter. Riksrådet var ei slags regjering som bestod av norske biskopar og adelsmenn som kongen måtte styre i samråd med. I Kalmarunionen hadde både Noreg, Sverige og Danmark vore rekna som sjølvstendige rike med felles konge. Frå 1537 mista Noreg sjølvstendet sitt og skulle frå no av vere eit såkalla lydrike styrt frå København. Slik skulle det bli heilt fram til 1814.

"Noregsparagrafen" frå Christian 3.s handfestning

Heretter skal Norge og alle dets landsdeler være og forbli under Danmarks krone, liksom de andre lands­del­ene, Jylland, Fyn, Sjælland eller Skåne er, og heretter ikke være eller kalles et eget kongerike, men en del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid.

Reformasjon ovanfrå

I Danmark og dei fleste andre land der kyrkjene vart reformerte, fanst det folkelege rørsler som ønskte ein reformasjon av kyrkja. Slik var det ikkje i Noreg. I fem hundre år hadde det norske folket haldt seg til ei katolsk kyrkje som dei gjekk til kvar søndag. Berre gjennom å delta i rituala til kyrkja og vedkjenne seg syndene sine til ein katolsk prest kunne dei ha eit håp om å sleppe unna . Dei nye tankane frå Martin Luther om at ein kan bli frelst berre ved å tru og at ein kunne vedkjenne seg syndene sine direkte til Gud, hadde i lita grad nådd nordmenn. Mange må ha vore livredde for dei endringane som skjedde.

Det blei òg eit opprør i Noreg leidd av erkebiskop Olav Engelbrektsson. Opprøret blei slått ned, og erkebiskopen rømde frå landet. Dei fleste norske prestar og biskopar gjekk over til lutheranismen og heldt fram i kyrkjene sine. All katolsk forkynning blei forboden og klostera blei nedlagde, men blant folk flest heldt katolsk tru og praksis fram i skjul i lang tid. Sjølve omvendinga av nordmenn skjedde altså gradvis, sjølv om endringa formelt sett skjedde plutseleg.

Mann synger iført bispekåpe. Han holder en krone i venstre hånd og en bispestav i høyre hånd. Mørkkleddmann i bekgrunnen. Foto.

I den nye lutherske statskyrkja var Bibelen ikkje lenger på latin, men på dansk. Stillingane som biskopar og prestar blei òg frå no av stort sett fylte av danskar. Dette førte til auka dansk innverknad ikkje berre politisk, men også kulturelt. Det danske språket hadde allereie før reformasjonen byrja å dominere som skriftspråk, men reformasjonen styrkte dansk språk som skriftspråk i Noreg.

Her er ei kort oppsummering av reformasjonen i Europa og Noreg frå NRK skule:

Tenk etter:

Biletet øvst i artikkelen er frå "Reformationsmonumentet" i København. Det blei sett opp i samband med 400-årsjubileet for reformasjonen i Danmark og Noreg. Trur du eit slikt monument kunne bli sett opp i Noreg?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Betydninga av religion