Hopp til innhald
Oppgåve

Religion, sjølvoppfatning og syn på andre

Korleis har religion påverka synet vårt på oss sjølv og andre gjennom historia?

I denne oppgåva skal du vurdere korleis religion har påverka sjølvoppfatninga til menneske og synet vi har på andre. Du skal velje ei av problemstillingane under og fordjupe deg i viktige endringar som har skjedd på dette området i historia.

Oppgåvene kan løysast munnleg eller skriftleg, individuelt eller i grupper. Avslutt gjerne med ein felles diskusjon rundt korleis betydninga til religionen har endra seg.

Tips til stikkord som kan vere aktuelle når du jobbar med problemstillinga: etikk, synd, ære, skam, ideal, verdiar, rasisme, nestekjærleik, tilgiving, rettferd.

Under problemstillingane finn du tips ressursar som kan vere nyttige.

1. Kristendommen i Europa

Korleis endra kristendommen sjølvoppfatninga og synet på andre hos europearane?

2. Kristendommen i Noreg

Korleis endra kristendommen sjølvoppfatninga og synet på andre hos nordmenn?

3. Reformasjonen

Kva betydning fekk reformasjonen for sjølvoppfatninga og synet på andre hos nordmenn?

4. Kolonitida 1

Korleis blei religion brukt for å legitimere kolonisering og slaveri? Kva seier dette om sjølvoppfatninga og synet på andre hos europearane?

5. Kolonitida 2

Vel eit land som har vore ein europeisk koloni. Korleis påverka koloniseringa og misjonsverksemd folk si sjølvoppfatning og syn på andre i det landet de har valt?

6. Humanisme

Kva rolle spelte religion i dei nye tankane om mennesket som oppstod i humanismen på 1400- og 1500-talet?

7. Opplysingstida

Kva rolle spelte religion i dei nye tankane om mennesket som oppstod i opplysingstida?

8. Sekularisering

Kva betydning har sekulariseringa hatt for sjølvoppfatninga og synet på andre hos nordmenn?

9. Nazismen

Kva betydning hadde religion for sjølvoppfatninga og synet på andre hos nazistane? Hadde andre ikkje-religiøse idear og verkelegheitsoppfatningar meir å seie enn religion?

10. Verda i dag

I kva grad er religion viktig for sjølvoppfatninga og synet på andre hos menneske i dag? Er det store variasjonar?

Relatert innhald